Hopp til innhold

– Volleyballand mot «Lykkeland» i cupfinalen

Herrane i Førde Volleyball er klare for cupfinale, sjølv om dei sundag tapte 3–2 mot Koll.

Førde volleyball

CUPFINALE: 12. januar møter Førde Randaberg til cupfinale i Ekeberghallen i Oslo.

Foto: Førde VBK

– Det er ufatteleg herleg at vi drar det i land i dag. Heilt ubeskriveleg, jublar kaptein Mathias Loftesnes etter at cupfinalebilletten var klar sundag ettermiddag.

November har vore ein tøff månad for Førde-laget med mange kampar. Laget har blant anna vore i Ukraina og spelt, og møtt Viking i Europacupen. I tillegg kjem norsk serie og cup.

– Det har vore ein hektisk månad og vi skal seie oss godt nøgde med at vi kom oss vidare frå Europacupen og no sit med ein cupfinalebillett, seier Loftesnes.

Trong berre to sett

Kampen starta bra for Førde som berre trong å vinne to sett for å kome vidare til cupfinalen. Etter kvart la Førde-laget seg meir bakpå og Koll kom meir med i kampen.

– Det siste settet var eigentleg unødvendige å spele. Vi var alt vidare til cupfinale og hadde ikkje noko å spele for, seier Loftesnes.

Dermed enda kampen 3 – 2 til heimelaget koll med settsiffera 21-25, 25 – 23, 25-23, 22–25 og 15 – 7.

Volleyballand mot «Lykkeland»

Damelaget til Førde Volleyballklubb møter Randaberg til finalespel 12 januar. Det er klart etter at Randaberg sundag vann 3–1 over Oslo Volley i andre semifinalerunden. Førre helg vann Førde 3 – 0 over BK Tromsø i sin andre semifinale.

Også herrane møter Randaberg i sin finale.

– Det blir «Lykkeland» mot Volleyballand, ler Loftesnes.

Cupfinalen vert spelt 12. januar i Ekeberghallen i Oslo.