Hopp til innhold

To kvinner miste livet i busskollisjonen - i dag startar rettssaka mot den svenske sjåføren

Vitneforklaringane til taiwanske og spanske passasjerar kan bli avgjerande når rettssaka etter dødsulukka i Fardal startar i Sogn tingrett i dag.

Den svenske turistbussen som frontkolligerte i Fardal, Sogn og Fjordane

AKTLAUST DRAP: Sjåføren av den svenske turistbussen er tiltalt for aktlaust drap etter ulukka i Fardal sist sommar.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

I august i fjor miste to unge kvinner livet då ein svensk og ein norsk buss kolliderte på riksveg 55, seks kilometer vest for Sogndal sentrum. Ei 24 år gamal kvinne frå Ålesund som sat i den norske lokalbussen, og ei taiwansk kvinne som sat i den svenske turistbussen. I tillegg vart to andre passasjerar alvorleg skadde.

Ein 55 år gamal mann som køyrde den svenske bussen er tiltalt i saka. Når han denne veka møter i retten risikerer han inntil tre år i fengsel for aktlaust drap.

Aktor i saka, Anette Stegegjerde Norberg, seier vitnemåla frå passasjerane blir viktige.

– Når ein hadde med utanlandske passasjerar å gjere, som ønskte returnere til sitt eige heimland, var det avgjerande at politiet brukte dei ressursane dei hadde til å få desse passasjerane sine vitneforklaringar, før dei reiste frå landet, seier Stegegjerde Norberg.

Meiner sjåføren var skuld i ulukka

Anette Stegegjerdet Norberg

AKTOR: Anette Stegegjerdet Norberg fører saka for påtalemakta.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Det er ei spesiell rettssak som startar i Sogn tingrett i dag. På tiltalebenken sit ein 55 år gamal svensk mann som 12. august i fjor køyrde ein svenske turistbuss som kolliderte med ein norsk rutebuss på riksveg 55 i Fardal.

Aktor i saka, Anette Stegegjerde Nordberg, meiner sjåføren køyrde på ein aktlaus måte som førte til at to kvinner i 20-åra mista livet, og at ei mor og ei dotter frå Taiwan fekk alvorlege skadar.

Politiadvokaten har tidlegare sagt til NRK.no at politiet meiner den svenske bussjåføren ikkje var merksam nok i tida like før kollisjonen.

– Politiet meiner han har hatt blikket lenge nok vekke frå vegen til at han har kome over i feil køyrebane.

– Vi kan ikkje seie noko om akkurat kva som er grunnen til det, men vi håpar straffesaka kan gje svar på det, sa Stegegjerde Norberg til NRK.no etter at tiltalen mot mannen var klar.

Dannar bilete av kva som skjedde før ulukka

Rett etter ulukka sikra politiet i Sogn seg ei rekkje vitneavhøyr, mellom anna frå taiwanske og spanske passasjerar. Desse kan bli svært viktige for påtalemakta.

– Vi meiner desse vitneforklaringane dannar eit ganske godt bilete av kva som skjedde like i forkant av ulukka, seier aktor.

Dei utanlandske passasjerane har i denne saka ikkje plikt til å møte i Sogn tingrett. Politiet valde difor å forhøyre dei i eit såkalla rettsleg avhøyr, som inneber at vitneforklaringane deira kan lesast opp, og leggjast til grunn for dommen som Sogn tingrett til slutt skal fella i tingretten.

Aktor Anette Stegegjerde Norberg meiner vitnemåla til passasjerane blir viktige for å kaste lys over det politiet ser som det sentrale i saka.

– Hovudproblemstillinga slik eg ser det, er plasseringa dei ulike køyretøya hadde i vegbana. Kva førte til at ulukka skjedde, det er kjernen i saka.

– For å finne svar på dette må ein sjå både på dei tekniske undersøkingane og vitneforklaringane, seier ho.

(Artikkelen held fram under)

Rekonstruksjon av bussulukke Fardal

REKONSTRUKSJON: Berre dagar etter ulukka vart hendinga rekonstruert. Då fekk politiet mellom anna stadfesta at den svenske bussen låg inne mot midten av vegen.

Foto: Christian Blom

Tekniske undersøkingar

I det fire dagane som er sett av til rettssaka blir det sett av mykje tid til dei tekniske undersøkingane. Ulukkesanalysegruppa til Statens vegvesen vil forklare seg om sine granskingar, og retten vil også få høyre vurderingane frå ein trafikkteknisk sakkunnig, forskar Arvid Aakre frå NTNU.

Politiet meiner vitneavhøyra og oppmålingane på ulukkesstaden tyder på at den svenske bussen låg for langt inn i vegen då ulukka skjedde.

– Slik politiet ser det har plasseringa i vegbana vore slik at den svenske bussen var hovudårsaka til at ulukka skjedde, seier Stegegjerde Norberg.

Ein rekonstruksjon gjort etter ulukka stadfesta at den svenske turistbussen ikkje heldt sida si godt nok.

Miste førarkortet i 2011

Den svenske bussjåføren som no sit på tiltalebenken miste i 2011 førarkortet i seks månader på grunn av ei aktlaus forbikøyring med buss. Dette skjedde etter ei forbikøyring av eit tyngre køyretøy på Grotli i Sjåk kommune.

Stegegjerde Norberg seier dei vil leggje også dette fram for retten.

– Tidlegare vandel vil alltid ha ei viss betydning, og slik er det også i denne saka. Det vil bli lagt fram dokumentasjon på kva som skjedde den gongen sjåføren mista førarkortet i 2011.

– Kan ikkje klandrast

Forsvararen til den svenske bussjåføren, Geir J. Kruge, har ikkje svara på NRK sine førespurnader om intervju.

Kruge har tidlegare uttalt til Sogn Avis at den tiltalte er gjort kjent med tiltalen, men at bussjåføren meiner han ikkje kan klandrast for det som skjedde.

Skulle sjåføren likevel bli dømd, risikerer han inntil tre år i fengsel.