Hopp til innhold

– Viktig å møte fiskeriministeren

GULEN (NRK): Lakseoppdrettar Ola Braanaas lufta hjartesakene sine då fiskeriminister Elisabeth Aspakar (H) torsdag var på besøk i Gulen.

Elisabeth Aspaker og Ola Braanaas

GOD STEMNING: Fiskeriminister Elistabeth Aspaker (H) og oppdrettar Ola Braanaas.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Braanaas viste fiskeriministeren pakkeanlegget til Firda Seafood på Byrknesøy. Aspaker meiner det er viktig å ha god kontakt med næringa.

– Firda Seafood er ei topp moderne bedrift og representerer ei næring som har stort potensial i Norge. Eg meiner det er viktig å vere der næringa er og lytte til bodskapen deira. Ikkje minst er eg oppteken av å få fram at det er mogeleg for norsk ungdom å velje denne yrkeskarrieren.

Ola Braanaas nytta høvet til å fortelje Aspaker kva han meiner politikarane bør gjere for han og resten av oppdrettsnæringa.

– Det som er viktig for oss er dei rammevilkåra vi har, forutseieleg vekst for næringa, marknadstilgang, marknadsføring, Sjømatrådet og slike ting.

– God kontakt

– Du er sjølv Høgre-mann og har stått på Høgre-lista. Har du ekstra god kontakt med denne fiskeriministeren?

– Eg har god kontakt med alle ministrar, eg. Men Elisabeth er hyggeleg, så vi har god kontakt.

Torsdag kveld er det eit møte i Skjerjehamn der fleire oppdrettarar får møte fiskeriministeren. Braanaas reknar med at kollegaene hans er opptekne av dei same sakene som han sjølv.

– Det kjem nok til å handle om berekraft, om lakselus og rømming, og ikkje minst marknadstilgang. Vi har store utfordringar med den russiske og den kinesiske marknaden.