Hopp til innhold

– Viktig å få tunnelane opna raskt

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen meiner dei to branntunnelane i Sogn og Fjordane må bli opna så fort som mogleg.

Ketil Solvik-Olsen i Skatestraumtunnelen

SÅG PÅ SKADANE: Samferdsleministeren var onsdag i Bremanger for å sjå på skadeomfanget i Skatestraumtunnelen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Under ein månad etter at eit vogntog med bensin eksploderte i Skatestraumtunnelen på fylkesveg 616, tok ein buss til å brenne i Gudvangatunnelen på E16.

Onsdag kom samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) til Skatestraumtunnelen i Bremanger for å sjå på skadeomfanget, eit besøk som var planlagt før tunnelbrannen i Aurland.

Vil dele rekninga i Bremanger

Reoperasjonane og utbetringane i Skatestraumtunnelen vil koste kring 38,4 millionar kroner. Førebels veit ein ikkje kor dyrt dette arbeidet vil bli i Gudvangatunnelen.

– Det er viktig at vi får desse vegane opp og gå. Dei er viktige vegar både nasjonalt, regionalt og for lokalsamfunna. Vi ønskjer å få opna for trafikk igjen så fort som mogleg, seier Solvik-Olsen.

Samferdsleministeren seier det er naturleg at Staten tek ansvar for kostnadane i Gudvangatunnelen, men at dei også vil dele rekninga i Skatestraumtunnelen. Likevel vil han ikkje seie noko om kor stor pengesum regjeringa vil stille opp med.

– Det er for tidleg å seie, for vi ønskjer også å få det vi kan frå forsikringsselskapa som er involverte, og då bør ikkje staten gå ut og konkludere med eige bidrag først. Men det er såpass store rekningar det er snakk om at vi kan ikkje la fylkeskommunen sitt budsjett bli øydelagt grunna slike hendingar.

Ketil Solvik-Olsen i Skatestraumtunnelen

I TUNNELEN: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen fekk sjå dei store skadane etter eksplosjonen i Skatestraumtunnelen 15. juli.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Har gjort mykje for tunneltryggleik

Solvik-Olsen meiner det er viktig å minimere risikoen ved å køyre i tunnelar,så mykje som mogleg, og at regjeringa er på god veg til å gjere nettopp dette.

– Vi har auka løyvingane med over 100 prosent berre det siste året samanlikna med budsjettet som Stoltenberg-regjeringa la fram i fjor. Vi har sett i gang eit oppgraderingsprogram på over 200 tunnelar for dei neste fem åra, så arbeidet er i gang. Dette er ein jobb som burde ha vore gjort for lenge sidan, men no er vi i gang, seier statsråden.

Kan ha større skadeomfang enn først trudd

Prosjektleiar i Statens vegvesen region vest, Kjartan Hove, var blant dei som synte fram skadane i Skatestraumtunnelen til ministeren.

Kjartan Hove statens vegvesen

STØRRE SKADAR: Kjartan Hove i Statens vegvesen seier Skatestraumtunnelen kan ha meir omfattande skadar enn først tenkt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er ikkje noko kjekt syn. Ein skjønar at det har vore veldige krefter i gang, og det er snakk om at de truleg har vore 1300–1400 grader på det varmaste, seier Kjartan Hove.

I første omgang skapar vegvesenet oversikt over skadane og kva som må gjerast.

– Vi ser no at dreneringssystemet, altså dei lukka røyra, truleg er skadd. Om det har vore utbrenning eller andre ting veit vi ikkje, men dette kan gi eit større skadeomfang enn det vi trudde i første omgang, seier Hove.

Kostnaden er framleis rekna til kring 38,4 millionar kroner.