NRK Meny
Normal

– Vikafjellstunnelen er for dyr

FØRDE (NRK): Tunnel under Vikafjellet vil koste 5 milliardar kroner. Det er grunnen til at Vikafjellsvegen ramla ut av Nasjonal Transportplan, ifølge Frp og Høgre i fylket.

Bjørn Lødemel (H), Frida Melvær (H), Britt Dalsbotten (Frp), Lars Svein Drabløs (Frp)

SAMLA: Høgre og Frp i fylket møttest i Førde då Nasjonal Transportplan vart lagt fram i dag. F. v. Bjørn Lødemel (H), Frida Melvær (H), Britt Dalsbotten (Frp) og Lars-Svein Drabløs.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vikafjellstunnelen har alle fire partia hatt ønske om å realisere. Utfordringa har vore prislappen på 5 milliardar kroner. Det er veldig vanskeleg å få på plass. Eg trur mange er skuffa i dag. Men hovudgrunnen er at prislappen har gått så i været at det rett og slett ikkje har vore mogleg å få vegen inn i Nasjonal Transportplan (NTP).

Det seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) til NRK.

I dag vart Nasjonal Transportplan lagt fram, signert regjeringspartia Høgre og Frp, og støttepartia Venstre og KrF. Vonbrotet var stort i Vik, då det vart kjent at prosjektet hadde ramla ut av planen.

Svein Drabløs (Frp), Britt Dalsbotten (Frp), Bjørn Lødemel (H), Frida Melvær (H)

MØTE: F. v. Lars-Svein Drabløs (Frp), Britt Dalsbotten (Frp), Bjørn Lødemel (H) og Frida Melvær (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kritisk i opposisjon

Fylkespartia til Høgre og Frp samla seg i Førde då planen vart lagt fram.

– Fleire andre prosjekt rundt om i landet som har lege inne i slutten av den inneverande NTP-perioden, har også falt ut. Men vi kjem til å jobbe vidare med Vikafjellet og sjå på moglegheiter for å gjere vegen rimelegare, slik at den kan vurderast ved neste planframlegg, seier Lødemel.

Den førre regjeringa føreslo i NTP i april 2013 100 millionar kroner til bygging av Vikafjellstunnelen, med oppstart i det som då var den siste planperioden, altså fram mot 2023.

Då NTP skulle vedtakast i Stortinget i juni 2013, meinte Frp, H og KrF (som då var i opposisjon) at dei raudgrøne gjorde for lite og for seint – og lovde å skunda fram byggjestarten viss dei fekk makta.

Etter fire år i regjering kom fasiten: Frp, Høgre; KrF og Venstre vrakar Vikafjellstunnelen, og løyver heller ikkje rassikringspengar til Kvassdalen, der tunnelinnslaget på vossasida skal vere.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen sa i Vestlandsrevyen at regjeringa måtte prioritere E16 mellom Bergen og Voss.

Trykk

Lars-Svein Drabløs (Frp) vedgår at alle dei borgarlege partia har lova tunnel under Vikafjellet.

– Eg reknar med at det blir eit hardt trykk på Vikafjellsvegen, for alle har lovd den. Vi får sjå om det finst billigare løysingar, og ha dialog med våre folk i departementet og i Stortinget for å finne ei løysing.

– Kvifor bryt de løftet?

– Som Bjørn seier, det har med kostnadar og prioriteringar å gjere. Men vi vil arbeide vidare for å få den realisert.

Lars-Svein Drabløs

FRP: Lars-Svein Drabløs (Frp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Var nøgde

Fylkespartia var elles nøgd med NTP.

– Nasjonal Transportplan inneheld ei offensiv satsing på europavegane, særleg på E39. Og eg set veldig stor pris på satsinga på rassikring, seier Frida Melvær, stortingskandidat for Høgre.

Britt Dalsbotten, stortingskandidat for Frp, peika på at planen er den mest offensive transportplanen som nokon gong er lagt fram.

– Eg tykkjer det er ein god plan både for fylket og heile landet. Sjå berre på mengda av veg, som i denne planen er større enn tidlegare transportplanar.

– Mange av prosjekta ligg inne i andre del av perioden. Korleis kan vi vite at dei ikkje vert dytta ut ved neste vurdering, slik som Vikafjellstunnelen?

– Vi skal stå på for at planane vert ståande, seier Dalsbotten.

Det seier også Bjørn Lødemel:

– Eg trur ikkje prosjekta vil falle ut. Dette er prosjekt som er godt gjennomarbeidde og som har prioritering frå eit breitt politisk fleirtal i fylket. Eg meiner dei ligg støtt, seier Lødemel.

Frida Melvær (H) og Britt Dalsbotten (Frp)

NØGD TOTALT SETT: Frida Melvær (H) og Britt Dalsbotten (Frp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.