NRK Meny
Normal

– Vi vil ikkje jakte på syndebukk

– Vi må lære av dette og gå vidare. Og ikkje spekulere i kven som eventuelt kan ha gløymt å slå av komfyren.

Brann

STORBRANN: Politiet meiner brannen i Stedjetunet starta fordi ei plate på ein komfyr i bygget stod på, og at det tok fyr i noko i nærleiken av plata.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

Det meiner Ove Bukholm, som er leiar for stiftinga «Stedjetunet», som eigde det verneverdige bygget i Sogndal som vart totalskadd i brann søndag 3. desember.

Teknikarane har konkludert med at brannårsaka er at ei plate på ein komfyr i bygget stod på, og at det har teke fyr i noko i nærleiken av plata.

Det siterte Sogn Avis lensmann Inger Lill Lanes på onsdag.

Avisa skriv at komfyren stod i eit lokale som kyrkjekontoret leigde. Ifølge Bukholm var komfyren av eldre type, og del av eit minikjøkken.

Han seier dei tek politiet sin konklusjon til vitande.

– Dette er ei trist historie. Men eit hendeleg uhell. Leigetakarane var veldig ops på at dette var eit gamalt bygg

– Då er det ekstra trasig at det likevel skjedde?

– Ja, det er forferdeleg tragisk. Men vi er veldig glad for at bygget var tomt då det brann.

Stedjetunet etter brannen

ØYDELAGT: Stedjetunet vart totalskadd i brannen som starta søndag ettermiddag 3. november.

Foto: Politiet

Var forsikra

Bukholm er også glad for at brannårsaka er funnen. Han har ikkje rukke å tenke over kva konklusjonen rundt årsak kan få av konsekvensar for stiftinga.

Stedjetunet var forsikra i Knif.

– Korleis ser de for dykk framtida rundt Stedjetunet?

– Me er tre sokn som eig bygget. Her er tre eigarar og forstandarskapen er det høgste organet. Dei må gje nokre føringar.

– Men eit ønske hjå folk er å få bygget opp att. Så det er eit alternativ, seier Bukholm.

Han seier dei ikkje spekulerer i kven som eventuelt kan ha gløymt å slå av komfyren, om det er det som har skjedd.

– Det er politiet som held tråden i dette. Det blir heilt feil å leite etter syndebukk. Dette har ikkje vore ein medviten handling.

Vil attreise

Per Hilleren

SER FRAMOVER: Leiar Per Hilleren i Fellesrådet.

Foto: Sondre Dalake / NRK

Per Hilleren er leiar i Fellesrådet, og dermed leiar for dei som leigde lokala. Han seier dei tilsette ved kyrkjekontoret var medvitne på at dei heldt til i eit gamalt bygg.

– Dei var veldig merksame på korleis dei forlét romma, seier Hilleren.

– Likevel så skjer det?

– Ja, diverre. No er vi opptekne av å ta vare på dei tilsette. Dei gjer ein kjempejobb for kyrkja og kristenlivet i kommunen. Det er trasig, det som har skjedd. Men no skal vi sjå framover og vere delaktige i å atterreise bygget, seier Hilleren.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.