Hopp til innhold

Slapp unna utan skader etter ulukka

Susann Hellevang Gulbrandsen seier ho og dottera var utruleg heldige som slapp unna utan skader då dei køyrde utanfor den private vegen ved Heilevang i ettermiddag.

Ulukke Heilevang

FLAKS: Susann Hellevang Gulbrandsen seier ho og dottera vart redda av bilbelte og lite vatn i elva.

Foto: Bjørn Atle Gulbrandsen / Privat

– Dette var heilt forferdeleg. Det gjekk så fort og det var veldig skummelt, seier Gulbrandsen.

Dei to var ute og lærekøyrde på ein privat veg. Dei har gjort det tidlegare også, utan problem. Men denne gongen hadde dei uflaks, og kom utanfor vegen.

– Sjølv om det skjedde fort, gjekk det i sakte kino, seier Gulbrandsen.

Pleier å vere meir vatn i elva

Gulbrandsen prisar seg lukkeleg over at ho og dottera brukte bilbelte.

– Vi hadde heldigvis sikra oss med belte. Dette er ein liten, privat veg, men med eit slikt fall kunne det enda verre. Selen redda oss, vi hang i selen, seier ho.

For det var vatn inni bilen etterpå. Og det kunne også enda enno verre, hadde det ikkje vore for den tørre perioden i fylket den seinare tida.

– Eg er så utruleg glad for at elva var så lita. For den kan vere veldig stor. Vi var berre utruleg heldige.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulukke Heilevang

MÅ VIDARE: Bilen er no fjerna frå staden, og Gulbrandsen vil no sjå framover.

Foto: Steinar Bauge

– Må kome oss vidare

Gulbrandsen fortel at dottera er russ i år. Etter det som skjedde hadde ho ikkje lyst å treffe vener.

– Broren skal vere med ho i kveld, for det er viktig at ho kjem seg vidare. Det er viktig at vi kjem oss vidare, seier Gulbrandsen.

Ho kan fortelje at både ho og dottera kom ut av hendinga utan skader.

– Vi er litt forslått, men det er alt. Vi var verkeleg heldige.