NRK Meny
Normal

– Vi stille opp for kvarandre når det trengst

Statsminister Erna Solberg (H) meiner at innsatsen for å berge den flaumråka bygda Utvik vitnar om kor flinke vi nordmenn er til å gjere ein innsats når det er naudsynt.

Erna Solberg

SKRYT AV INNSATSEN: Erna Solberg er raus med rosen til dei som har stått på i Utvik det siste døgnet.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Ein av grunnane til at vi skal ha stor tru på Norge er at vi stiller opp for kvarandre når det trengst. Det er viktig at vi er godt førebudde, godt trente og at vi har eit beredskapsarbeid som blir gjort på førehand slik at vi er i stand til å løyse oppgåvene.

Det seier statsminister Erna Solberg (H) til NRK. Ho kjem med mange rosande ord til hjelpemannskap, offentlege etatar og frivillige i samband med flaumskadane i Nordfjord.

På Facebook-sida si heidrar ho innsatsen til alle dei som det siste døgnet har stått på i time etter time for å sikre folk og eigedom i dei flaumråka bygdene i Nordfjord.

– Medan mange av oss har rolege feriedagar, har store nedbørsmengder skapt krevjande situasjonar fleire stadar i landet. Hjelpemannskap, offentlege etatar og frivillige har stått på. Takk for innsatsen! skriv statsministeren på Facebook.

– Bileta gjer inntrykk

Fleire bygder i Sogn og Fjordane blei hardt råka av flaum i går etter kraftig uvêr natt til måndag. Alt tilgjengeleg mannskap har vore i aksjon, ikkje minst i Utvik ved Nordfjorden der bygda nærast ser ut som eit katastrofeområde.

– Særleg dramatisk har situasjonen vore i Utvik, bileta gjer inntrykk. Eg har snakka med ordførar Sven Flo som fortel at folk i Utvik møter øydeleggingane med pågangsmot og stor innsats. Det er imponerande, skriv Solberg.

Svært imponert

Til NRK seier statsministeren at ho er svært imponert over det ho har høyrt, sett og blitt orientert om det siste døgnet.

– Det er jo ein fantastisk innsats som blir gjort av hjelpemannskap, av frivillige og alle dei offentlege instansane som sender ut folk slik at konsekvensane blir minst mogleg, seier Solberg.

Flaumøydelegging i Utvik

STORE ØYDELEGGINGAR: Slik ser det ut i Utvik dagen etter den dramatiske flaumen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.