NRK Meny
Normal

– Vi skal vere førebilete

NORDFJORDEID (NRK): I fjor var det Vilde og Anna – i år Oselie. Alle tre kjem frå Eid, alle har vunne MGPjr. Livet i rampelyset har vore ei ny erfaring for alle tre.

 I fjor vant Vilde og Anna (X) melodi grand prix junior, i år var det Oselies tur. Alle kommer fra den samme bygda. Hva er det med Nordfjordeid som klarer å få fram slike talenter. Vi tok turen for å prøve å finne ut litt mer.

– Sjølvtillit og det å vere eit godt førebilete seier Oselie om kva dei har lært av MGP-eventyret medan dei to andre jentene nikkar.

I fjor var det Vilde og Anna – i år Oselie. Sigeren i MGPjr er ikkje det einaste dei har felles. Dei kjem og frå same bygd. Eid kommune med sine 6000 innbyggarar har ein eigen rockfestival, ein aktiv kulturskule og sitt i eige operahus.

Dei tre jentene er ein del av operahusgenerasjonen.

– Alle vi tre jentene er glade i musikk. Vi har drive med musikk sidan vi var små og vi har alltid. Vi har vore på konsertar på operahuset og kulturskulen og akkurat vi tre har vore på ein masse konsertar i lag men det er og alle dei tilboda som Eid gir oss med kulturskule og alt mogleg, seier Oselie Henden.

19 år med operahus

Då operasjef Kari Standal Pavelich og mannen flytta til Eid fekk dei den sprø tanken om å etablere ein opera i bygda. Og det har mange unge i Eid hatt glede av.

Kari Standal Pavelich

REKRUTTERING: Operasjef Kari Standal Pavelich

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Sjølv om det ikkje har vore skrive inn barnekor i oppsettingane våre i utgangspunktet, så har vi lagt det til. Det er svært artig å ha dei med, og det er viktig for oss å også rekruttere koristar, seier Standal Pavelich.

Aktiv kulturskule

Døra mellom ungdomsskulen og kulturskulen går i musikkrommet på skulen.

Video Artistansvarleg Hege K Lillestøl Naustdal under UKM SF 2012

ENGASJERTE: Hege Lillestøl Naustdal er mor til Anna, men også revyartist og musikklærar i Eid.

Foto: Nyhetsspiller

– Det er noko med spekteret her. Dersom vi ser på operaen og kva sjanger det er, og så har vi kulturskulen som driv med det midt i mellom, både pop, rock og det klassiske. Så har vi rockfestivalen, som ungdommane ser opptil og gler seg til, seier Hege Lillestøl Naustdal.

Sjølv er ho revyartist, musikklærar og ikkje minst mor til Anna. Ho ser ungdommar få prøve seg på ulike scener gong på gong.

Kanskje andre vert litt sjokkerte når dei ser kor engasjert vier er, men eg tykkjer berre det er heilt fantastisk. Det seier litt om støtte og hjartevarme, og at vi heiar på kvarandre, seier Naustdal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.