Hopp til innhold

– Vi skal sjå på om ting kunne vore gjort annleis

Den 82 år gamle kvinna i Førde som søndag vart funnen død i fjorden, budde i eit kommunalt husvære. Kommunen vurderte det som tilstrekkeleg at ho berre hadde heimeteneste.

Ole John Østenstad

SKAL FØLGE OPP: Rådmann Ole John Østenstad.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Ho budde på pensjonistheimen, som er ein kommunal utleigebustad, men ho levde der som om ho skulle bu heime, seier rådmann Ole John Østenstad i Førde kommune.

Kvinna vart meldt sakna fredag og store leitemannskap leitte heile helga etter 82-åringen. Søndag vart ho funnen omkomen i fjorden ved Hornnes i Førde.

Under leiteaksjonen i helga sa politiet at kvinna var dement.

Vurderte det som trygt

Kommunalsjef for helse og sosial i Førde kommune, Kurt Even Andersen, seier det vart gjort ei vurdering som konkluderte med at kvinna kunne bu i ein utleigebustad med oppfølging av heimetenesta.

– Men som alltid ved tragiske hendingar, skal vi gå gjennom vurderinga og sjå om dette var forsvarleg, seier Andersen.

Kurt Even Andersen

KOMMUNALSJEF: Kurt Even Andersen i Førde kommune.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Kvinna gjekk ut av huset sitt og det fekk eit tragisk utfall. Viser ikkje det at tilbodet frå Førde kommune ikkje var tilstrekkeleg?

– No veit vi ikkje årsaka til det som skjedde med kvinna. Men det har ikkje vore bekymring for måten ho levde på. Ho har trivest, besøkt familie, gått på butikken. Det var ein del av livet hennar å kunne gå til og frå husværet sitt, og det var ikkje grunnlag for å vurdere annleis. Men dette skal vi sjå på når vi går gjennom rutinane, lovar Andersen.

Hadde heimeteneste

– Det var også heimetenesta som oppdaga at kvinna ikkje var heime, fortel rådmannen.

– Kvinna kunne bevege seg fritt, slik alle kan, utanom dei som er på skjerma eining på sjukeheimen, seier rådmann Østenstad.

Kommunen følger opp dei involverte.

– Vi er opptatt av at dei som var involvert varetekne på ein god måte. Vi har hatt kontakt med pårørande og besøkt dei. Dei har fått tilbod om hjelp og støtte, seier Østenstad.

Samstundes blir dei som var på jobb i heimetenesta tekne hand om.