NRK Meny
Normal

– Vi sel ikkje Azar Karadas

Sogndal Fotball kjem ikkje til å selje Azar Karadas i sommar. Då får han heller gå gratis når sesongen er over.

Azar Karadas

BLIR I SOGNDAL: Det er uaktuelt for Sogndal å selje Azar Karadas i sommar, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Foto: Ole Reidar Mathisen / NTB scanpix

– Nei, og for oss er ikkje sal av Azar Karadas noko tema. Han er viktig for oss og blir viktig for oss utover hausten.

– Eg berre håpar han held fram å levere like godt både på og utanfor bana, seier sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo til NRK.no.

Dermed er det klart at Sogndal er sikra to viktige spelarar før haustsesongen. I går vart det klart at den driblesterke midtbanespelaren Malick Mane har forlenga kontrakten med laget i saftbygda.

– Ein leiartype og mentor

Karadas skreiv ein korttidskontrakt med Sogndal hausten 2012, for så å bli henta inn att for sesongen 2013.

Etter seks kampar på benken i vår slapp han til frå start, og etter det har posisjonen hans i laget vore udiskutabel. Saman med Malick Mane har Karadas vore toneangjevande for Sogndal offensivt i år.

Mot Tromsø i helga skåra han Sogndal sitt første og la opp til det andre, noko som tok han opp i fire mål og tre målgjevande så langt i sesongen. Flo er full av lovord om eidaren.

– Han gir av seg sjølv på bana og han gir av seg sjølv utanfor. Han er ein leiartype og ein mentor for dei yngre spelarane. Han har så mange aspekt med seg som har vore utruleg viktige for oss, seier Flo.

Både norske og tyrkiske klubbar har vist interesse for Karadas det siste halve året.

Håpar på ny kontrakt

Håvard Flo

VIDARE SAMTALAR: Håvard Flo legg ikkje skjul på at Azar Karadas er viktig for laget og håpar han vel å skrive ny kontrakt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Karadas har sjølv ikkje ville svare skikkeleg på spørsmål om framtida, men står fast på at han er open for alt. Også for å halde fram i Sogndal.

Når overgangsvindauget stenger 15. august vil Karadas ha fylt 32 år. Det betyr at den neste kontrakten han skriv kan vere den siste i den profesjonelle karrieren hans.

Flo håpar han skal skriva den med Sogndal.

– Eg legg ikkje skjul på at vi gjerne vil sjå Azar med oss vidare også. Vi har vore i dialog og skal ha vidare samtalar.

– Eg trur også at han føler kor viktig han er for oss og det er viktig for ein fotballspelar, seier Flo.