Hopp til innhold

– Naudsynt med samanslåing

Vi såg ingen anna utveg enn å slå saman kommunar, seier stortingsrepresentant for Venstre Sveinung Rotevatn. Dette er berre tull, svarar ordførar som blir tvungen.

Sveinung Rotevatn

NAUDSYNT: Sveinung Rotevatn seier at det var heilt naudsynt å nytte tvang i dei tilfelle som regjeringa og venstre gjer det.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Vi har brukt tvang i nokre tilfelle der vi ikkje har sett nokon annan utveg. Nokre kommunar har så svak kommuneøkonomi at dei vil slite med å stå åleine, seier Rotevatn.

I dag vart det klart at Venstre sikra regjeringa fleirtal på Stortinget for å slå saman 13 kommunar med tvang. Til saman vil då kring 100 kommunar slå seg saman her i landet, og vi går frå 426 kommunar til kring 360.

Det store spørsmålet har vore om ein berre ville slå saman kommunar som frivillig gjekk saman, eller om ein også kom til å bruke tvang. KrF er mot all bruk av tvang, men Venstre sine 9 mandat gir likevel regjeringa eit fleirtal for å tvinge saman kommunar.

Rotevatn fortel at det berre måtte bli slik.

– Eg ser ikkje at desse kommunane hadde klart å stå åleine. Det er kommunar med ein svak kommuneøkonomi og ei aldrande befolkning.

– Eg er sint og gretten

Ordføraren i ein av desse kommunane, Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger i Sogn, seier dette er berre tull.

– Dette syner berre endå ein gong at Venstre ikkje har sett seg skikkeleg inn i denne saka, før dei no går inn for bruk av tvang. Om dei hadde sett nærare på tala for vår kommune, ville dei sett eit heilt anna bilete.

Leikanger blir av Stortinget slått saman med Balestrand og Sogndal. Odd fortel at sjølv om kommunen hans er ein litt svak økonomi no, ser det eigentleg ganske lyst ut.

– Vi har mykje pengar i fond som vil kunne styrke økonomien vår i framtida, og når det gjeld demografien er vi ein kommune som er populær å flytte til om dagen, seier ordføraren.

Jon Håkon Odd

SINT OG GRETTEN: Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd likar svært dårleg at Stortinget vil slå saman kommunen hans med Balestrand og Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vil prøve å få gjort om vedtaket

Leikanger-ordføraren seier at han reagerte med sinne då han fekk beskjeden om at regjeringa ville bruke tvang mot kommunen hans.

– Det er heilt feil måte å gå fram på, eg er sint og eigentleg ganske gretten over dette vedtaket, vi har allereie byrja å sjå på korleis vi kan få gjort om vedtaket til regjeringa, seier Odd.

Han set sin lit på eit regjeringsskifte, og Arbeidarpartiet sine lovnader om å snu regjeringa sine tvangssamanslåingar.

Rotevatn står på sitt, og seier at kommunane som blir slått saman vil gå ei lys framtid i møte.

– Vi byggjer fagmiljø og buregionar som kjem til å stå seg veldig godt i framtida, og bli tyngdepunkt i sine regionar.