Hopp til innhold

– Vi må vakne til neste helg

SOGNDAL (NRK): Sogndal og Hødd spela uavgjort 2-2 i generalprøven før eliteseriealvoret tek til neste helg. Sjukdom og skade på sentrale spelarar gjorde at Eirik Bakke ikkje fekk drilla inn det mest sannsynlege startmannskapet.

Eirik Bakke

LITT BETENKT: Sogndal-trenar Eirik Bakke sakna viktige spelarar i siste treningskampen før eliteseriealvoret tek til.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Både Babacar Sarr, Hannu Patronen og Rune Bolseth måtte fylgje treningskampen frå tilskodarplass. Frå før er Mahatma Otoo og Victor Grodås ute med skade.

– Det var mykje rot før kampen, vi hadde mange spelarar i ulike posisjonar som ikkje har spela så mykje før. Vi får ta det som god matching fram mot når det verkeleg tek til neste helg, seier Bakke.

Han håpar å ha Sarr, Bolseth og Patronen klare til seriepremieren borte mot Bodø/Glimt.

Av dei som var friske nok til å spele gjorde Ole Amund Sveen sine saker svært så bra. Han sette inn begge måla til Sogndal, det første med hovudet etter corner, det andre etter at Gilbert Koomson hadde gjort eit veldig godt førearbeid.

– Deilig å få det til

Ole Amund Sveen

GOD GENERALPRØVE: Ole Amund Sveen scora to mål mot Hødd.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sveen spela for Hødd i fjor, og han var godt nøgd med to nettkjenningar mot tidlegare lagkameratar.

– Det er alltid gøy å score mål, og det var litt spesielt at det vart to mål mot gamleklubben. Det var deilig å få det til å sitte ei veke før seriestart.

Vi møter eit godt lag, Hødd har lagt om stilen frå i fjor og blitt meir ballbesittande. Vi bør kanskje vinne sidan vi ligg ein divisjon over, men det var ei god gjennomkøyring.

Og Eirik Bakke var nøgd med målscoraren.

– Han har hatt ein skade, så eg torde ikkje la han spele 90 minutt i dag. Men vi ser at han vil gi oss mykje. Greier vi halde han skadefri framover kjem han til å bli ein veldig bra mann for oss.

Sogndal-Hødd

HER BLIR DET 1-1: Ole Amund Sveen står klar til å stange ballen i mål, til høgre i biletet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Mykje rusk

Bakke var og nøgd med det Gilbert Koomson viste i kampen.

– Han viser til tider at han kan bli ein god tilvekst til laget. Elles er det mykje rusk i dag.

Mellom rusket Bakke siktar til var det som skjedde før Hødd tok leiinga i kampen.

– Det var eit par som miste ballen der, det er lurt å halde ballen i laget og ikkje miste han rett utanfor boksen. Og så lagar vi eit dumt frispark på slutten som dei scora på.

Det frisparket dømde Tommy Skjerven til Hødd på 18 meters hald, og Erik Ulland Andersen sette det vakkert i mål. Det første målet til Hødd vart sett inn av Christoffer Aasbak.

– Må opp i kvalitet

Trenar Eirik Bakke i Sogndal håpar på langt betre takter når seriealvoret tek til neste søndag.

– Vi må opp i kvalitet når vi møter tippeligalag. Bodø/Glimt er eit heilt anna lag, og treningskampar er treningskampar. Vi må vakne til neste helg.

Martin Ramsland

SKAPTE EIN DEL: Martin Ramsland kom til ein del innlegg.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK