NRK Meny
Normal

– Vi må gå i strupen på Molde

Sogndal står i nedrykksstriden med begge beina. Med fem poeng opp til trygg grunn, er truleg kvalifiseringsplass det beste dei kan håpe på ved serieslutt. Klokka 18 entrar seiermeister Molde Fosshaugane.

Ulrik Flo før kampen mot Molde på Fosshaugane 26. oktober 2014

SJÅ VIDEO: Ulrik Flo er offensiv før kampen mot Molde, og seier Sogndal vil ta heile handa dersom dei får ein finger. Reporter: Halvor Farsund Storvik. Foto: Heidi Lise Bakke.

– Vi får håpe Molde er litt tilfredse med gull. Gir dei oss ein finger trur eg fort vi tek heile handa. Vi må vise det vi viste mot Haugesund. Eit Sogndal-lag som ikkje viser respekt og går i strupen på Molde. Dersom vi alle er på topp og skjerpa tek vi Molde i dag, seier ein offensiv Ulrik Flo før kampen.

På motsett banehalvdel står Per Egil Flo, som allereie har vunne serien med Molde Fotballklubb. I kveld kan han sende gamleklubben Sogndal eitt steg nærare nedrykk.

– Tanken har slått meg at kampen kan vere avgjerande. Eg har ikkje lyst til å vere den som sender dei ned, men slik er fotballen. Ein får det ikkje alltid slik som ein vil, seier 25-åringen.

LAGET: Nils Kenneth Udjus - Taijo Teniste, Hannu Patronen, Bjørn Inge Utvik, Logi Valgardsson - Ulrik Flo, Rune Bolseth, Helge Haugen, Petter Strand - Mahatma Otoo, Tim Nilsen.

Benken: Mathias Dyngeland, Christophe Psyché, Ruben Holsæter, Tonny Brochmann, Truls Hovland, Edward Ofere, Kristian Fardal Opseth

(Artikkelen held fram under kampoppdateringa)

Laster innhold, vennligst vent..

Sju sesongar i Sogndal

Per Egil Flo vedgår at både scoring og siger mot gamle lagkameratar, vil vere med bismak.

Sju sesongar og over 160 kampar for Sogndal, gjer at klubben framleis har ein plass i hjartet hans.

– Det blir spesielt. Eg har vore i den situasjonen sjølv, så eg veit korleis det er å måtte ha så mange poeng som mogleg. For dei er det ein veldig viktig kamp, medan vi har meir æra å spele for, seier Flo.

– Det er ikkje slik at eg går og tenkjer på at eg skal ta det med ro eller ikkje gi alt fordi det er Sogndal. Vi kjem nok til å gå utpå og gjere det vi kan for å vinne i alle fall.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulrik og Per-Egil Flo i duell

SKJEBNEKAMP: Per Egil Flo (t.v.) kan vere med å sende gamleklubben ut av tippeligaen dersom Molde slår Sogndal i dag.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Får ikkje noko gratis

Sogndal har berre ein siger på dei siste 15 kampane, og har eitt poeng ned til neste helgs motstandar, Brann, under streken.

Med siger over Sogndal sine disiplar, er også Henrik Furebotn og Sandnes Ulf no med i kampen om kvalifiseringsplassen. Det blir med andre ord ein dramatisk sesonginnspurt i Eliteserien.

Det betyr likevel ikkje at Sogndal får noko gratis. Verken frå Molde eller Flo.

– Dette må dei klare sjølve, seier han.

– Det er ikkje freistande å la dei få svært viktige poeng?

– Nei, det er ikkje rettferdig overfor andre lag å berre luffe rundt utpå der. Vi vil vinne fotballkampar. Det er aldri kjekt å tape.

(Artikkelen held fram under videoen)

Spent Per Egil Flo før møtet med gamleklubben Sogndal.

SJÅ VIDEO: Per Egil Flo ein times tid før kampen mot Sogndal på Fosshaugane.

Vil reise «kjerringa»

Men ein skal ikkje langt tilbake før den suverene seriemeisteren tapte sist. Sesongens andre tap kom heime på Aker Stadion i førre runde. Og det mot eitt av laga Sogndal knivar mot i kampen for å halde plassen – Haugesund.

– Alle spelarane sat i garderoben og deppa etter kampen. Det var ei kjensle vi ikkje har hatt så ofte i år, og ei vi ikkje vil ha igjen, seier han.

– Kan det ha ein psykologisk effekt at de allereie er seriemeistrar?

– Statistikken viser at dei laga som allereie har vunne ikkje gjer det så godt i resterande kampar, men vi går i alle fall inn i kvar kamp for å gjere det beste vi kan. Vi vil vinne.

Taklingar i hytt og pine

Sogndal har tatt 18 av sine 24 poeng heime på Fosshaugane i år. Flo er budd på ein skikkeleg krigekamp.

– Eg trur Sogndal vil vere veldig aggressive. Dei må vinne kampen og då vil dei springe så mykje dei klarer og takle i hytt og pine. Det blir ein krigekamp.

– Kva er det viktigaste de må gjere for å hale sigeren i land?

– Det blir å få tempo på ballen og få dei til å springe medan vi har ballen.

Laster innhold, vennligst vent..
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå