Draumesommaren gjev pengar i kassa for reiselivet i vest

BRIKSDALEN (NRK): Frå Rogaland til Romsdal vert det rapportert om nye rekordar. Reiselivsaktørar på Vestlandet slit med å finne superlativa til å skildre årets turistsesong.

Beat Willimann (t.v.) og Marco Sievi

OPPVARMING: Beat Willimann (t.v.) og Marco Sievi varmar opp med ein tur til Briksdalsbreen før dei skal vidare til Besseggen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Hahaha, det visste vi ikkje. Godt val!

Marco Sievi og Beat Willimann bryt ut i høglydt latter når NRK fortel at dei besøkjer Briskdalsbreen på den travlegaste dagen så langt i sommar. Heile tre cruiseskip ligg på fjorden nokre mil frå breen.

– Ja, det er folksamt, men så vakkert. Nydelege fossar.

Sveitsarane er verkeleg ikkje åleine på Vestlandet denne sommaren.

NRK har snakka med ei rekkje aktørar i regionen som rapporterer om at fjorårets sommarrekordar vert knuste.

– Vi har aldri sett så mykje folk. Så langt er auken i omsetninga på over 20 prosent. Vi klyp oss litt i armen, seier Inge Melkevoll ved Melkevoll Bretun.

Vekst

Medan Lofoten har opplevd ein turistsvikt i sommar, er inntrykket frå Vestlandet det motsette. Bubilturismen har auka og campingplassar har vore smekk fulle.

Inge Melkevoll ved Melkevoll Bretun

INTERNASJONALT: – Kvar kveld har vi mellom 12 og 15 ulike nasjonalitetar på campingen, seier Inge Melkevoll ved Melkevoll Bretun.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Trafikken er fantastisk og har eigentleg vore det sidan april. Det er ein kanonsesong, seier Sigurd Kvikne.

Hotelldirektøren ved Kviknes Hotel i Balestrand ser ein 14 prosent auke i juliomsetnaden.

– Gjestene kjøper meir mat, drikke og aktivitetar. Så saman med den stor etterspurnaden, som driv prisane opp, så går omsetnaden opp.

Fløybanen i Bergen knuste månadsrekorden i juli, då 403.000 passasjerar løyste billett. Loen Skylift sette ny dagsrekord 1. august med 2533 passasjerar. Gondolbana har hatt 160.000 påstigingar så langt i år.

Men trass i at store delar av næringa jublar, byr veksten óg på utfordringar. I Lodalen fortvilar bygdefolket over brot på allemannsretten og forsøpling av nærområdet. Også i Aurland opplever folk å finne bæsj og søppel.

Uvanleg godt

Selskapet Fjord Tours sel dei velkjente rundturane «Norge i eit nøtteskal».

– Vi har ein auke på 9,6 prosent. Det ser dermed svært lyst ut med tanke på ein ny rekordsommar, seier ein svært nøgd dagleg leiar, Steinar Aase.

Litt lenger sør vil ikkje reiselivsdirektør Elisabeth Saupstad i Region Stavanger vere noko dårlegare.

– For Rogaland trur eg faktisk at 2018 vert det beste reiselivsåret nokon sinne. Per mai månad hadde vi ein auke på 21,6 prosent i utanlandske turistar.

Refvika / refviksanden

VARMT: Det uvanleg varme sommarvêret vert av mange trekt fram som forklaringa på veksten.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Populært med camping

Mange campingturistar har opp gjennom åra besøkt Kviltorp camping i Molde. Så også i år, fortel veteranen Terje Nakken over telefonen i resepsjonen.

– Eg kan ikkje huske nokon betre sommar enn vi har hatt no.

– Og kor lenge har du drive campingplass?

– I 60 år.

Endeleg statistikk over overnatting i juli er ikkje klar, men ferieturen til sveitserane vil syne att i statistikken for både juli og august.

– I morgon skal vi gå Besseggen. Det vert nok høgdepunktet i ferien vår.