Hopp til innhold

– Vi kan, vi vil og vi fekk det til!

EIKEFJORD (NRK): Endeleg fekk eikefjordingane klippe snora og opne den nye fleirbrukshallen dei har venta på.

Ola Teigen opnar fleirbrukshallen i Eikefjord

OFFISIELL OPNING: Den høgtidelege snorklippinga stod skuleelev, Mali Agledal og Ordførar Ola Teigen for.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Dette er verkeleg ein gledeleg dag, seier leiar i grendelaget, Brigt Samdal.

Han har vore ein av dei som har stått i spissen for at bygda skulle få ein fleirbrukshall. No har Eikefjord ny barnehage, ny skule og toppar det heile med ein splitter ny hall.

Heile bygda mobiliserte

Brigt Samdal

TEIKNING: Brigt Samdal har kjempa lenge for at draumen skulle bli verkeleg og fekk overrekt ei karikaturteikning av seg sjølv i gåve.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Samdal har hatt ein idé om at Eikefjord treng ei storstove heilt sidan 90-talet. I 2015 fatta bystyret vedtak om ny skule med tilhøyrande gymsal. Då kom heile bygda på banen, og samla inn heile åtte millionar kroner i løpet av nokon månader.

Både privatpersonar, lag, organisasjonar og privat næringsliv har bidrege med midlar til å realisere draumen. På toppen av det heile fekk bygda overrekt ei gåve på 700.000 frå Steinvik fiskefarm som gjorde at dei kunne klippe snora på ein heilt gjeldsfri fleirbrukshall.

Opning av fleirbrukshallen i Eikefjord
Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Det er utruleg at vi kjem i mål på denne måten. No skal vi kose oss vidare med hallen og fylle den med aktivitet kvar dag, seier Samdal.

Han avslutta talen sin med Eikefjord sitt eiget motto «Vi kan, vi vil og vi fekk det til».

Glade for større plass

Opning av fleirbrukshallen i Eikefjord

GLADE: Sjuandeklassejentene er glade for å ha fått større gymsal.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK
Opning, fleirbrukshall i Eikefjord

PUBLIKUM: Desse gutane gler seg over nytt utstyr i hallen og følgde seremonien frå den nye tribunen.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Elevane ved skulen opna heile kvelden med å synge «Vestlandet» av Mgp-vinnarane Vilde og Anna. Elevane var spesielt glade for å få ein stor og ny hall å boltre seg i.

– Eg synest det er bra, fordi den andre salen var for liten. No kan vi ha masse arrangement her. Det hjelper også veldig til 17. mai og Eikefjorddagane, seier Julia Rønnekleiv Endestad.

– Hallen er veldig bra. No har vi stor plass og masse nytt utstyr. Tidlegare kunne berre ei klasse av gangen vere her, seier Eirik Storvik

Fekk klippe snora

Ein av elevane ved skulen vann loddtrekninga og fekk æra av å klippe snora saman med ordføraren i Flora kommune.

Mali Agledal, Opning av fleirbrukshallen i Eikefjord

FOTBALL: Mali Agledal klipte snora og fekk ein signert ball i gåve.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Det var supert, fordi det er ikkje alltid ein får lov å klippe ei snor. Det er mest ordførarar som får lov til å gjere det, seier Mali Agledal.

Det var ein nøgd og stolt ordførar som erklæra hallen for offisielt opna. Han hadde berre gode ord å seie om eikefjordingane som har drege i land dette prosjektet.

Ola teigen, ordførar i Flora kommune.

GLAD: Ordførar, Ola Teigen var stolt og glad for at eikefjordingane endeleg hadde fått hallen sin.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Alle som kan krype og gå i bygda har stilt opp på dugnad og bidrege på ulike måtar. Det er fint å vere ordførar på ein slik dag, og ha ei så flott grend som Eikefjord i min kommune, seier Ola Teigen.