Hopp til innhold

– Vi kan ikkje la vere å rassikre ein veg fordi om ingen er drepne dei siste åra

Ingen har mista livet i ras langs norske vegar sidan 2013. Men både politikarar og transportbransjen er samde om at det uansett må brukast milliardar på rassikring.

Geir A Mo, administrerende direktør i NLF

GLAD FOR MIDLAR: Geir A. Mo meiner det er svært viktig med rassikring, uavhengig om vegen går til ei lita grend eller ein stor by.

Foto: Braata, Espen / Braata, Espen

I 2017 omkom 109 personar i trafikken, men ingen av dei på grunn av ras. Ingen har omkome som følgje av ras sidan 2013 i Noreg i fylgje Vegdirektoratet.

Geir A. Mo i Norges Lastebileiger-Forbund meiner vi ikkje kan basere infrastrukturen vår på flaks.

– Vi kan ikkje la vere å rassikre ein veg fordi om ingen er drepne dei siste åra. Vi bør heller vere takknemlege og sikre vegen slik at det ikkje skjer i framtida heller, seier Mo.

Dei neste åra brukar staten 3,7 milliardar kroner på vegar til 10 småbygder. Blant desse er Flo i Stryn, som med sine 71 innbyggarar, får ein ny tunnel til 660 millionar.

Mo meiner rassikringa er ein liten del av ein større pott.

– Vi skal bruke mange milliardar kroner dei neste tolv åra på å byggje og vedlikehalde vegar og jernbane i dette landet. Eg trur vi har råd til å bruke 3,7 milliardar kroner på rassikre vegar der folk bur. Vi må hugse på at vi har ein politikk om at det skal bu folk i heile landet, seier han.

Har fokus på liv og helse

Noreg brukar snart 65 milliardar kroner i året på samferdsle. Helge Orten (H) er leiar av transportkomiteen på Stortinget, og seier det er politisk semje i Noreg om at vi skal bu og leve i heile landet.

– Vi skal ha spreidd busetnad. Det betyr at vi også må sørgje for å rassikre mot steinsprang og skred rundt omkring i landet. Det er ein del prosjekt vi må ta for å sikre liv og helse.

Han meiner det er vanskeleg å rekne samfunnsøkonomisk på alle vegprosjekt fordi det handla om liv og helse.

– Når det gjeld rassikring har det vore brei politisk oppslutnad å trappe opp løyvingar slik at vi skal bruke 24 milliardar kroner til fylkes- og riksvegar dei neste 12 åra.

Han meiner at dei også legg vekt på å prioritere dei prosjekta som gir størst samfunnsnytte.

– Eg tykkjer vi prioriterer ganske bra. Vi har ein offensiv transportplan for veg, bane, kyst og luftfart. Vi prioriterer både mellom og innanfor dei forskjellige transportformene.

– Strenge kriterium

Leiar av den nasjonale rassikringsgruppa, Åshild Kjelsnes (Ap), er oppteken av det må brukast mykje pengar for å sikre at folk kan bu der dei vil bu.

– Nokre grender er store, nokre er små. Det blir sikra både på store europavegsamband og på mindre grender. Det er midlar som blir brukt etter faglege kriterium, for det blir ikkje sikra der det er mindre rasfare. Vi går strengt etter dei verste punkta, seier ho.

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til NRK sine saker om midlar til rassikring.

Menes i Balestrand.

FEKK SIKRA VEGEN: Dei 14 innbyggjarane på Menes i Balestrand fekk rassikra vegen til bygda for 55 millionar kroner.

Foto: Torje Bjellaas / NRK