Hopp til innhold

– Vi kan få eit betre eldresyn frå innvandrarane

Er det ein ting vi kan lære av mange innvandrarmiljø, så er det synet på dei eldre, sa Sylvi Listhaug då ho møtte Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane.

Sylvi Listhaug

NYTTIG KUNNSKAP: Sylvi Listhaug meiner ein kan lære mykje om eldreomsorg ved å sjå til ulike kulturar.

Foto: Berit Roald

– Ta vare på dei eldre. Ha respekt for dei eldre. Er det ein ting vi kan lære av mange innvandrarmiljø, så er det synet på dei eldre.

Slik helsa Sylvi Listhaug dei frammøtte då Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane inviterte til Haustkonferanse på Skei denne veka.

Diskuterte eldrereform

Bakteppet for møtet var den nye reforma, Leve heile livet, som i sin tur er eit svar på den sokalla «eldrebølgjen», eit omgrep Listhaug seier at ho ikkje har noko til overs for:

– Det er ikkje eit problem at folk lever lenger. Det er fantastisk. Og dei aller fleste eldre greier seg veldig godt sjølv, sa ho.

Sylvi Listhaug på konferanse

PROBLEMATISK: Listhaug meiner det er viktig at kommunar er førebudd på omsorgsbyrdene som vil komme med eldrebølgjene i framtida.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Eldreministeren var likevel klar på at omgrepet sitt innhald er reelt nok. Det blir stadig færre arbeidshender for kvar pleietrengande, og ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) vil Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vere dei to regionane med høgast «omsorgsbyrde» i 2040. Omsorgsbyrde er ei nemning på forholdet mellom personar over 65 og personar i alderen 20–64.

– Same korleis vi snur og vendar på det, så blir det behov for fleire sjukeheimsplassar i åra som kjem. Da er spørsmålet: Er vi rusta for det? spør Listhaug.

Ho svarar sjølv:

– Eg trur mange kommunar ikkje har tatt innover seg kva slags behov som melder seg når etterkrigsgenerasjonen byrjar å kome opp i åra og byrjar å bli pleietrengande.

Stor spaning

Leve heile livet-reforma, som tek mål av seg å handle om «menneske, og ikkje system», har tidlegare fått kritikk for å vere underfinansiert. Etter at seniorrågjevar hos Fylkesmannen, Anne Eli Wangen, presenterte reforma, tok ein av dei frammøtte ordet og kalla innlegget hennar for «mykje svada».

Per Kjelstad, leiar i Sogn og Fjordane Pensjonistforbund, og tidlegare Senterparti-ordførar i Gaular, er meir avmålt, og seier at han tek imot reforma med «ei blanding av uro og forventning».

– Nå bur eg sentralt i Sunnfjord, så eg bur i eit av dei prioriterte områda i Sogn og Fjordane. Men det bekymrar meg at det ser ut som om økonomien i den nye kommunen blir anstrengt. Og eg veit av erfaring at er det anstrengt kommuneøkonomi, så går det lett utover pleie og omsorg. For det er ein stor sekk, og det er lett og freistande å ta frå den.

Kjell Sandnes og Per Kjelstad

BLANDA KJENSLER: Per Kjelstad (til høgre) i Sogn og Fjordane Pensjonistforbund er spent på kva reforma vil føre til. Her saman med Kjell Sandnes i Førde pensjonistforbund.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

– Fekk du nokre tryggande svar frå eldreministeren?

– Nei, det var vel stort sett som venta. Men ein ting ho la vekt på var dette med å ha kjøkken på alle institusjonar, og det synest eg var positivt. Sjølv om det ofte står i fare når budsjetta skal gå opp.