NRK Meny
Normal

– Vi har spaden klar. Vi har pengane klare

Arbeidarpartiet løyver pengar til utbygging av Vik fengsel i sitt alternative statsbudsjett. Presset mot regjeringa for å byggje dei 30 nye, lukka soningsplassane aukar.

Hadia Tajik
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er på tide å byggje fleire fengselsplassar her i Vik. Det går an å byggje 30 fengselsplassar med ganske lite pengar, seier Hadia Tajik, nestleiar i Arbeidarpartiet og leiar i justiskomiteen på Stortinget.

Fleire og fleire parti presser på for at regjeringa skal byggje ut fengselet i Vik (sjå faktaboks). Venstre har sagt at dei løftar utbygging inn som ein del av forhandlingane med regjeringa om statsbudsjettet for 2016, og KrF har sagt at dei kan vere med på å støtte dette.

Hadia Tajik

NORGE: Tajik og Ap vil byggje i Norge, ikkje kjøpe i Nederland.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I sitt alternative statsbudsjett som vart lagt fram i går, skriv Arbeidarpartiet dette:

«Vi vil bygge fengselsplasser i Norge, gjennom midler til oppstart av nytt Agderfengsel, opprettholdelse av Kleivgrend, samt flere plasser i Vik, Halden og Skien.»

– Skuffa over regjeringa

– Vik er klare. Vi har spaden klar. Vi har pengane klare. Men vi treng å få dei andre partia med på laget, seier Tajik.

Prislappen for ei fengselsutviding er 42 millionar kroner. Likevel har justisminister Anders Anundsen (Frp) heller kjøpt fengselsplassar i Nederland til over 200 millionar kroner i året, for å få ned soningskøane raskt.

I sitt alternative statsbudsjett er Arbeidarpartiet klare på at dei heller vil bruke pengane til å byggje i Norge.

– Eg synest det er veldig skuffande at regjeringa ikkje har prioritert å byggje fengsel her i Vik. Vi treng fleire fengselsplassar i Norge. Her er prosjekta klare. Alt er klart. Det einaste dei manglar er pengar, seier Tajik.

Hadia Tajik på besøk i Vik fengsel

OMVISNING: Fengselsleiar Roy Egil Stadheim gir Hadia Tajik og stortingspolitikar Ingrid Heggø (Ap) ei omvisning ved Vik fengsel. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen.

FrP vil sjå nærare på Vik fengsel

Statssekretær Vidar Brein-Karlsen frå Framstegspartiet har tidlegare forsvart avgjerda om å byggje ut i Nederland.

– Vi set pris på initiativet frå Vik fengsel, og har fått liknande initiativ frå andre. Det er vår oppgåve å starte utbygginga der det trengst mest, og der planane er nærast ei realisering, sa Brein-Karlsen i august.

Tidlegare denne veka vart det kjent at Framstegspartiet sin fraksjonsleiar i justiskomiteen, Ulf Lerstein kjem på besøk til Vik Fengsel over nyttår, og at han vil sjå ei utviding av Vik fengsel i samband med utgreiinga av fengselskapasiteten i Vest- og Midt-Norge, eit arbeid som skal starte i 2016.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.