Hopp til innhold

– Vi har slått Stabæk før

Etter fattige to mål på seks kampar trur assistenttrenar Terje Skjeldestad at det vil losne for Sogndal i kveldens 16. maioppgjer borte mot Stabæk.

Eirik Bakke

TILBAKE FRÅ START: Eirik Bakke er friskmeld etter skade og startar mot Stabæk.

Foto: Rune Fossum / NRK

Oppdatert til pause: Stabæk - Sogndal 0-1 (Solheim, 37. min)

– Det er mogleg å slå dei, det har vist seg før. Vi treng ein siger og får håpe den kjem i dag. Men vi kan ikkje stresse oss i hjel om den ikkje gjer det, seier Sogndal sin keeper- og assistenttrenar før kampen i Telenor Arena.

Har jobba med måltørken

Det er eit pressa Sogndal som måndag kveld inntek bæringane si storstove på Fornebu. Laget som med naud og neppe klarte 2-0 borte mot tredjedivisjonslaget Fyllingen i cupen sist veke, ligg sist i eliteserien med fattige to poeng.

Skjeldestad legg ikkje skjul på at måltørken snart må ta slutt.

Terje Skjeldestad

GLER SEG: - 16. mai er fotballen sin festdag, konstaterer Terje Skjeldestad som håpar på tre viktige bortepoeng.

Foto: Rune Fossum

– Det er klart at når vi har scora to mål på seks kampar, så er vi ikkje fornøgde med det. Det er klart vi har lagt inn ekstra trøkk på det, og vi har vore solide bakover. Så eg får håpe skape noko framover og score fleire mål enn vi har gjort hittil. Vi må gå ut og gjere arbeidsoppgåvene og jobben vår, så får vi sjå om det strekk til, seier den tidlegare Sogndal-målvakta.

Trur Bakke blir viktig

At Eirik Bakke er tilbake mot Stabæk etter skade, kan bli tunga på vektskåla, trur Skjeldestad. Bakke er i førsteellevaren som trenar Harald Aabrekk tok ut måndag ettermiddag. (Sjå heile lagoppstillinga nedst i saka)

– Eirik er heilt klart ein rutinert ringrev som kan gå litt i bresjen i ein slik type kamp. Han kan kanskje ta av litt for dei andre, så det er berre positivt, trur Skjeldestad.

«Helst eitt mål meir...»

Men sjølv med kaptein Bakke tilbake på bana, Skjeldestad vegrar seg mot å tippe resultat.

– Eg har ikkje gjort meg opp noko formeining om resultat, men håpar vi kan halde fram trenden vi har hatt bakover på bana med å vere gjerrige. Og så får ein håpe at vi klarer å putte på like mange mål som Stabæk, eller helst eitt meir.

Det skal i alle fall ikkje stå på ramma rundt kampen på Fornebu, trur Skjeldestad.

– 16. mai er fotballen sin festdag. Det er litt ekstra gjevt med 16. maikamp. Det blir sikkert mykje folk og bra trøkk, så det blir bra, fastslår han.


Ifølgje sogndalfotball.no vert dette truleg Harald Aabrekk sin startellevar mot Stabæk:

Kenneth Udjus, Mats Solheim, Even Hovland, Per Egil Flo, Ahyee Aye Elvis, Henrik Furebotn, Eirik Bakke, Ole Jørgen Halvorsen, Barry Kader, Cato Hansen og Isak Scheel

Benken
Vegard Gjermundstad, Ulrik Flo, Espen Olsen, Joseph T. Bendik, Gustav Valsvik, Ørjan Hopen, Espen Næss Lund