Hopp til innhold

– Vi har mykje betre dekning enn i dei store byane

I Oslo og Bergen står studentar på lange ventelister for å få seg studentbustad, men etter fleire år med utbyggjingar er situasjonen betre i Sogndal og Førde.

Randi Marie Sjøholt

NØGD: Randi Marie Sjøholt i er nøgd med at studentsamskipnaden har klart å byggje ut fleire bustadar dei siste åra.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi har satsa aktivt på å byggje studentbustadar i flere år, og no ser vi resultatet. Vi har ei god dekning, og ganske få studentar på venteliste, seier administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane Randi Marie Sjøholt.

For tida er det enorm pågang for å få studenthyblar i alle dei store byane i Noreg, og det er eit reint lotteri om ein får hybel eller ikkje. Prisen på slike hyblar ligg gjerne ein del under resten av marknaden, så mange ventar i veker og månadar for å sikre seg ein.

Nye studenthyblar i Sogndal

NYE BUSTADAR I SOGNDAL: til semesterstart i år er det bygd 150 nye studentbustadar i Sogndal

Foto: Christian Blom

Situasjonen har betra seg kraftig dei siste åra

Her i fylket ser det derimot mykje betre ut. Av dei vel 3000 studentane har 650 allereie sikra seg studentbustad, og omlag 100 står på venteliste for å få ein.

– Dei seinare åra har situasjonen betra seg kraftig. Vi har bygd ut ein god del hyblar, både i Sogndal og i Førde. Så no ser det faktisk mykje betre ut enn det gjorde for nokre år sidan, seier Sjøholt.

høgskulen i sogn og fjordane

BETRE ENN I BYANE: bustadsituasjonen for studentar ser ut til å vere betre ved høgskulen her i fylket, enn i dei større byane.

Foto: HISF

Trur det gjeld å ha is i magen

Likevel står det altså omlag 100 på venteliste også her i fylket. Det er eit lågt tal samanlikna med mange andre stadar, men for dei som står der kan det likevel opplevast frustrerande. Sjøholt har likevel trua på at det skal ordne seg.

– Eg trur dei berre skal ha litt is i magen, så ordnar det seg til semesterstart. Det er jo ein del av dei på venteliste som allereie har skaffa seg ein stad å bu i den private marknaden, og for resten trur eg det kjem til å gå seg til, seier ho.