Hopp til innhold

– Vi har mast på dei heile tida

Oppgraderingsarbeidet i Høyangertunnelen ligg langt etter skjema, ifølge vegvesenet. Entreprenørane, som nyleg blei sparka frå eit anna tunnelprosjekt, hevdar dei vil rekke fristen.

Høyangertunnelen

OPPGRADERING: I Høyangertunnelen er entreprenørfirmaet VVB Engineering Ltd hyra inn til å oppgradere alt det elektriske i tunnelen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi har sett lenge at dei ligg etter og slit med å bli ferdige, seier Sveinung Hovland i Statens vegvesen, prosjektleiar for Høyangertunnelen på riksveg 55.

Det var Firda som først omtala saka. Entreprenørfirmaet, VVB Engineering Ltd, ligg ifølge Hovland to månader etter skjemaet med elektroarbeidet i den 7543 meter lange tunnelen.

– Ein kan ikkje slå fast at vi er forseinka før vi faktisk er for seine. Per i dag er vi noko etter den opphavlege framdriftsplanen, men set inn tiltak for å ta igjen det tapte, seier leiar for VVB Nordic, Harold Trunley.

Trur dei rekk fristen

Tunnelen skal vere ferdig til 1. desember, og entreprenørane hevdar dei vil rekke det. Ifølge Trunley var det nyleg eit møte mellom Vegvesenet og entreprenørane der dei blei einige om ein plan for fullføringa.

– Vi sa at vi jobbar mot å fullføre som planlagt, og vil møte den datoen så nært som mogleg, seier han.

Men Vegvesenet har ikkje like stor tru på at tunnelen er klar til opning i desember.

– Det er det entreprenøren og Vegvesenet er ueinige i. Vi meiner dei ligg langt etter, og dei sjølve seier det skal gå kort tid, seier Hovland.

Sveinung Hovland, prosjektleiar i Statens vegvesen

FOR SEINE: Sveinung Hovland i Statens vegvesen meiner entreprenørane har vore for seine, og har ikkje trua på at dei rekk å bli ferdige innan fristen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Manglar materiell

Ifølge Hovland starta arbeidet opp seinare enn vegvesenet hadde rekna med, og forseinkingane skal skuldast manglande leveringar.

– Vi har lurt mykje på kvifor dei er forseinka, men det er rett og slett fordi dei manglar materiell, seier han.

VVB erkjenner at det har vore problem med leveringar, men avviser at det har skapt store forseinkingar.

– I alle bedrifter møter ein på utfordringar, men dette har vi teke hand om, seier Trunley.

Fekk sparken førre månad

I førre månad blei entreprenørane sparka frå arbeidet med ein tunnelen i Follo. Ifølge avisa Firda var berre 40 prosent av jobben i tunnelen ferdig til sluttdatoen. Dette ønsker ikkje VVB å kommentere. Hovland seier det ikkje enno har vore snakk om at også dei skal sparke entreprenørane.

– Det er ting som blir vurdert heile tida. Det at entreprenørar er forseinka hender rett som det er. Dei har enno litt tid på seg til å greie det, men det er mykje arbeid som står att, seier Hovland.

Blir det i verste fall slik at VVB må få sparken, eller at dei trekker seg ut sjølv, kan det by på utfordringar.

– Om vi må lyse ut jobben på nytt, blir det komplisert å beskrive arbeid som er starta på for at nye entreprenørar skal kunne rekne ut anbodet. Det blir i alle fall ikkje billigare, seier Hovland.