NRK Meny
Normal

– Vi har levd med at dette kunne skje

Varaordføraren i Leikanger er ikkje overraska over at Sogndal, Balestrand og Leikanger blir slått saman med tvang.

Trude Risnes

IKKJE OVERRASKA: – Aller helst skulle ein sett at ein var einige om å byggje ein ny kommune. Samstundes er det lagt til grunn at det skal vere lokale diskusjonar, i tillegg til nasjonale prosessar. Dette har vi vore klar over i Leikanger Venstre, seier varaordførarar Trude Risnes.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Sånn eg ser det er det ikkje ei overraskande avgjerd. Venstre har heile vegen vore tydelege på at ei kommunereform er nødvendig, seier varaordførarar i Leikanger, Trude Risnes (V).

Tysdag kveld blei det kjent at det er einigheit på Stortinget om å slå saman Sogndal, Balestrand og Leikanger med tvang.

KrF har sagt nei til all tvang, men Venstre sikrar regjeringa fleirtal for at 13 kommunar i heile landet blir slått saman mot sin vilje.

– Blir halde for narr

Ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd (Ap), sa tysdag til NRK at han er skuffa og vonbroten over vedtaket. Han meiner lokalpolitikarar og innbyggjarane blir halde for narr.

Det er ikkje Risnes einig i.

– Eg har forståing for at det ikkje er lett å halde tritt med reformsprosessen. Samstundes har det vore kjent at dette har vore premissen. Så at dei blir halde for narr, greier eg ikkje å vere einig i.

I Leikanger sa eit fleirtal nei til å slå seg saman med Balestrand og Sogndal. Risnes seier ho heller skulle sett at ein var einige om å byggje ei ny kommune, i staden for at regjeringa overprøver folkeviljen.

– Aller helst skulle ein sett at ein var einige om å byggje ein ny kommune. Samstundes er det lagt til grunn at det skal vere lokale diskusjonar, i tillegg til nasjonale prosessar. Dette har vi vore klar over i Leikanger Venstre.

Fryktar vanskelege tider

Risnes er positiv til ei samanslåing av dei tre kommunane, og Leikanger Venstre har vore tydeleg på at Leikanger bør vere ein del av ein større kommune.

– Er du redd for eit nei til samanslåing ville ført til at ein ikkje fekk fleire statlege arbeidsplassar i Leikanger?

– Eg er redd for at det vil vere tøffe rundar rundt dette i framtida. Vi kan ikkje lenger la vere å sjå at ting rundt oss endrar seg. Det betyr noko for Sogn sin posisjon, og det er viktig å erkjenne, seier Risnes.

– Må starte med blanke ark

Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant for Høgre, meiner ein storkommune i Sogn vil vere viktig for heile fylket.

– Etter mitt syn treng vi ein sterk regionkommune i Sogn som byggjer opp om dei arbeidsplassane som er der. Det vil bli sterkt press framover. Då er det viktig å vidareutvikle dei arbeidsplassane vi har.

Kva tenkjer du om at Ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd, meiner folket har blitt halde for narr?

– Vi må ha respekt for at folket har sagt nei, men på den andre sida er dette rådgjevande mot det arbeidet som skal gjerast. Vi veit at Sogndal har sagt ja. Vi veit at Balestrand har sagt både ja og nei.

Lødemel seier han håpar folk vil sjå sjå framover, og sjå på saka med «nye auge».

– No må vi starte med blanke ark. Eg trur det er viktig.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.