Hopp til innhold

– Vi har eit godt samarbeid med vêrgudane

SOGNDAL (NRK): Dei tilsette ved skianlegga i fylket ventar spent på om det blir kaldt og kjem meir snø. Snart er dei klar til å ønskje skientusiastane velkomen.

Per Odd Grefsnes

NAM: Dagleg leiar ved Sogndal Skisenter Hodlekve, Per Odd Grefsnes, er så glad i snø at han et den opp.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

– Vi er heilt klar no, og det er berre nokre få snøbyer som skal til før vi kan trykke på knappen. Vi er i rute for å seie det slik, fortel dagleg leiar ved Sogndal Skisenter Hodlekve, Per Odd Grefsnes.

Skisesongen nærmar seg med stormskritt og i skianlegg landet rundt er førebuingane i full gang. Mange har starta å gjere klar utstyret til den komande sesongen, men dei som nok er aller mest spent på korleis sesongen blir, er dei som driv anlegga.

– Vi er inne på yr kvar dag og sjekkar om det kjem nedbør. Når snøen er sopass viktig for økonomien i bedrifta di, er det meir interessant å følgje med, seier Grefsnes.

Opnar tidleg i desember

Per Odd Grefsnes

DAGLEG LEIAR: Per Odd Grefsnes viser stolt fram snøen som har byrja å legge seg i skianlegget på Hodlekve.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Normalt sett er Hodlekve eit av anlegga som opnar tidlegast av skianlegga i Sogn og Fjordane. Det takkar Grefsnes høgare makter for.

– I Hodlekve har vi eit godt samarbeid med vêrgudane, og vi brukar å få godt med snø her. Her får vi kald luft som snik seg over Jostedalsbreen og gjer at vi får meir nedbør i form av snø enn andre plassar, fortel han.

Onsdag regna det litt i skitrekket, utan at det bekymrar den daglege leiaren.

– Vi har hatt nokre snøfall tidlegare, og i dag får vi litt regn. Det gjer at vi etablerar ein god sole og eit hardt underlag, som er bra når ein skal drive med langrenn eller alpint, meiner han.

Grefsnes lovar at det ikkje er lenge til folk kan kome på besøk og ta anlegget i bruk.

– Vi har sett opningsdatoen til 10. desember, men får vi snø før den tid, kan vi opne langrennsløypene og trekket tidlegare, seier han.

NRK tok ein telefon til nokre av dei andre skianlegga i fylket for å høyre kva som er status før skisesongen.

Jølster skisenter

– Vi har laga snø, tatt service på trakkemaskinene, og er eigentleg klar på alle punkt før vinteren. Det vi ventar på no er at kulda skal kome tilbake slik at vi anten kjem snø eller at vi kan lage den sjølv, fortel dagleg leiar, Even Hole.

Han kan ikkje seie nøyaktig når anlegget opnar.

– Vi kan ikkje sende folk opp i eit anlegg der det ikkje er all verda med snø. Det er viktig at vi gjer dei eit skikkeleg produkt, meiner han.

Harpefossen skisenter

Påska på Harpefossen

HARPEFOSSEN: Slik ser det ut når det er fullt med snø i Harpefossen. Førebels er det ikkje like mykje, men anlegget har opna. Arkivfoto.

Foto: Siri Lund / Harpefossen

– Vi hadde sesongopning førre søndag, og hadde open den eine skiheisen og eit tautrekk, opplyser dagleg leiar ved skisenteret, Nils Magne Nedreberg.

– Vi har fått produsert mykje snø og hadde gratis heis på opningsdagen. Då kom det mykje folk på besøk, legg han til.

Ifølge Nedreberg har dei mål om å halde open kvar laurdag og søndag fram til jul om det er kaldt nok og snøen held seg i bakken.

Sogn skisenter

– Vi har produsert snø, men det er meldt mildt vær i dag og litt framover, så vi har ikkje kunne opna enda. Vi har ei mål om å kunne opne i starten av desember, seier dagleg leiar, Runar Tørvi.

Som alle dei andre skianlegga er dei avhengig av hjelp ovanfrå.

– Det er ver og vind som styret dette her. Vi kunne opna nedre del av trekket no, men vi har lyst til å kunne tilby meir, seier han.