Hopp til innhold

– Vi har ein krevjande kamp framføre oss

Statens vegvesen har kome med si tilråding om at Hemsedalsfjellet skal vere hovudveg mellom aust og vest. Desse to kamphanane er likevel budde på ein tøff strid framover.

Noralv Distad og Jarle Aarvoll

VIL KJEMPE: Noralv Distad og Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll er budde på ein tøff kamp fram mot Nasjonal transportplan skal leggjast fram til neste år.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er ingen grunn til å senke skuldrene her, det er sterke interesser i Hardanger, Bergen og delar av Hallingdal som jobbar mot oss, seier Aarvoll.

Han seier at desse interessene no mobiliserer, og gjer det dei kan for å stogge planane om å satse på Hemsedalsfjellet. Dei vil nemleg heller ha Hardangervidda som hovudveg.

– Det er sterke reiselivsinteresser og næringslivsaktørar som no jobbar for å lage motrapportar som kjem til motsett konklusjon av Vegvesenet. Det tyder at det er no framover den verkelege kampen vil kome.

Les også: Håpar på veg over Hemsedalsfjellet

Noralv Distad er leiar for samferdsleutvalet på fylkestinget, og også han trur at det må kjempast ein hard kamp framover.

– Eg er særleg bekymra for at nokre politikarar forsøkjer å skape motsetnader som det ikkje er grunnlag for. Det høyrer vi til dømes frå Frank Sve i Møre og Romsdal som set vegen over Hemsedalsfjellet opp mot vegprosjekt som dei jobbar for i det fylket.

Distad trur ikkje noko på slike motsetnadar, og meiner at det einaste valet som no skal takast, er om hovudvegen skal gå over Hemsedalsfjellet eller Hardangervidda.

Les også: Hemsedalsfjellet er valt

– Dette er heilt ope

Harald Victor Hove er dagleg leiar i Hardangerfjelltunellane AS, og ein av dei som jobbar aller mest for at vegen over Hardangervidda skal bli hovudveg i staden for Hemsefdalsfjellet.

Harald Victor Hove

HAR IKKJE GITT OPP: Harald victor Hove har ikkje gitt opp kampen om veg over Hardangervidda, sjølv om Statens vegvesen har kome med ei klar tilråding om å heller satse på Hemsedalsfjellet.

Foto: Renold Tennysen Christopher

– Dette er ein heilt open kamp som skal avgjerast i Stortinget, og vi kjem til å gjere vårt for å fortelje politikarane kvifor Hardangervidda er det beste valet, seier Hove.

Han stadfestar at næringslivet i Hordaland har nytta ressursar på å kome med alternativ til Vegvesenet sin konklusjon.

– Vegvesenet sin konklusjon var eigentleg at det var dødt løp mellom dei to alternativa, og då er det jo naturleg at ein prøver å setje lys på noko av dei punkta som dei ikkje har gått inn på.