Normal

– Vi har blitt mykje tøffare i trynet

Dei vil vera vakre, velstelte og rynkefrie. Dei er ikkje redd sprøytespissen lenger, men dei er redd for at naboen skal vite det...

Innsetting av botox.

FJERNAR RYNKER: Sunnfjordingane bruker meir og meir injeksjonsbehandlingar for å ta knekken på rynker og kråketær. Men dette skal helst vera hemmeleg. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

– Det er så lite og gjennomsiktig her. Dersom folk hadde kjent oss igjen i denne saka så hadde det kanskje blitt litt sånn «sjå på dei ja, som har vore og fiksa seg». Litt sånn ovanfrå og ned. Det er ikkje heilt akseptert liksom.

NRK treff på to pene damer i ein roleg kafé-krok i Førde. Dei har dampande koppar, senka skuldrer – og diskré, men blodferske sprøytemerker mellom augo og i panna.

Fortener det

anonyme damer

HEMMELEG: Dei to kvinnene i 30-40-årsalderen er ikkje flaue over å ville sjå bra ut, men vil heller ikkje bli kjent att.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Eg har tenkt på det lenge, og hadde lyst å prøva. Eg ville unne meg litt ekstra til jul. dette skulle væra litt påskjøning. No har eg slutta å røyka så no kan eg setja nokon stikk.

Ho meiner ho fortener å ta litt ekstra vare på huda si etter heltemodig innsats med røykekutt. Men sjølv om argumenta held vatn og ho ikkje har fått meir enn nokre små stikk i panna – så vil ho halde det hemmeleg.

– Mannen min veit ikkje om det eingong. Han spurte kva eg skulle i dag og eg sa berre at det var tilbod på hudrens i byen. Og så kjem eg heim med ein blå kul i panna. Hehe...

Mindre redde

Veninnene har vore og fått Botox for første gong, men vil ikkje at nokon skal vite det. Dette er dei ikkje aleine om, ifølge sjukepleiar og hudterapeut Heidi Støfring Ulvestad ved Clinic1 i Førde.

Ho fortel om stadig auke i bruk av Botox og såkalla "filler-behandling", men også andre typar hudbehandling og stell av negler, vipper og bryn. Sidan opninga for fire år sidan, har det berre gått oppover, med dei travlaste periodane rett før sommaren – og før julebordsesongen.

- Du spring ikkje rundt og viser det fram til nabolaget ditt når du har vore og fått ei injeksjonsbehandling altså!

Heidi Støfring Ulvestad

– Folk held ikkje igjen like mykje no som dei gjorde for nokre år sidan. Den meir inngåande behandlinga ligg meir integrert i folk sin hudpleierutine no enn kva som var vanleg før. Folk er ikkje så redd for å ta ein injeksjonsbehandling som dei var tidlegare, fortel ho.

Store summar

Også Klinikk Førde melder om jamn auke i injeksjonsbehandlingar i fylket.

– I november vart eg kåra til månadens behandlar i Norge, og det seier jo noko om volumet me behandlar, seier dagleg leiar Laila Evjensvold.

Heile landet har sett ei auke i betalingsvilje og bruk av kosmetiske behandlingar og produkt dei siste åra.

Tal frå SSB viser at me brukte 8,7 milliardar kroner på eigenpleie i 2013. Det gjev eit gjennomsnitt på 1 711 kroner per innbyggjar i Norge.

Men trenden er meir markert i storbyane enn på bygda, meiner Heidi Støfring Ulvestad. Ho trur Sogn og Fjordane rett og slett er litt meir «allversjakke». Men dette er i endring.

Skal helst vera hemmeleg

Hudpleie

TRAVELT: Heidi Støfring Ulvestad har det travelt fram mot jul, då forfengelege sjeler skal striglast før fest.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Du spring ikkje rundt og viser det fram til nabolaget ditt når du har vore og fått ei injeksjonsbehandling altså, seier hudterapeuten.

Hos Clinic1 ser dei også ei auke i leppe-fylling, som vert gjort med det same stoffet som blir brukt for å glatte ut resten av ansiktet.

– Større lepper er også ei aukande trend, særleg blant yngre jenter. Men også her er sunnfjordingane meir beskjedne enn mange andre stader i landet. Dei som gjer det vil helst ikkje at det skal syna så mykje, og trenden går også meir mot naturleg utsjånad, fortel ho.

Det skal sjå bra ut, men ikkje syne for mykje.

Damene med kaffikoppane og stikkmerkene kjenner seg att i dette. For dei handlar det om velvære, små forbetringar, og det å gjera litt stas på seg sjølv. I all løyndom.

– Eg trur at det blitt mykje meir vanleg, i alle fall blant damer. Mange gjer det, men nesten ingen snakkar om det. Dei kikar på kvarandre og flirer lurt.

– Og slik er det jo med oss også! Me seier det ikkje til nokon. Dette blir mellom oss, ikkje sant?

Vegopning på Bergum i Førde kommune