Hopp til innhold

– Vi har blitt eit utruleg kaldt land

Det kom inn så mange hatefulle ytringar i samband med at folk vart bedne om å gje mat til underernærte asylsøkjarar, at lokalavisa Firda måtte stenge ned kommentarfeltet.

Grete Apelseth og Amo

FÅR MAT: Grete Apelseth ved Jølster Asylmottak står her saman med Amo frå Somalia. To personar har så langt gitt mat til mottaket på Vassenden.

Foto: Bård Siem / NRK

Berre to personar har møtt opp og gitt mat til asylsøkjarane. Grete Apelseth ved Jølster Asylmottak er rysta og fortvilt.

– Eg tykkjer det er skuffande og alvorleg. Vi har fått eit utruleg kaldt samfunn og tenkjer berre på oss sjølve. Vi vil ikkje dele med nokon, slik har Norge blitt, seier ho.

– Mange som svelt ved mottaket

Det var i førre veke Grete Apelseth ved Norsk Folkehjelp sitt asylmottak i Jølster gjekk ut i media og spurde om folk kunne levere mat til mottaket. Ho viste til at mange av dei som har fått endeleg avslag på søknaden sin har tydelege teikn på at dei er underernærte og at dei svelt.

– Vi har fått varsel frå legen om at folk slit med å få rett ernæring. Dei klarer ikkje innta alt dei treng av rette vitamin og blir feilernærte og svelt i mottaka.

Tykkjer det er ille

Yngve Årdal

MÅTTE STENGJE: Ansvarleg redaktør Yngve Årdal i Firda tykkjer det er ille at folk ikkje kan beherske seg i kommentarfelta.

Foto: Bård Siem / NRK

Dei som har fått avslag på asylsøknaden får utbetalt berre i underkant av 2000 kroner i månaden som skal rekke til mat, klede og alt anna forbruk. Apelseth håpte oppmodinga i media skulle føre til at mange stilte opp med mat.

I staden har berre to møtt opp med mat, og dei grove hatmeldingane mot asylsøkjarar har vorte så mange at avisa Firda, som i tillegg til NRK dekte saka, måtte stengje ned kommentarfeltet. Ansvarleg redaktør Yngve Årdal i Firda tykkjer det er ille.

Det er veldig synd, det er ikkje slikt samfunn vi vil ha. Her blir folk oppmoda om å gjere ei god gjerning og så er det nokre som ikkje klarer å beherske seg. Det er leitt at vi har folk i vårt område som uttaler seg på denne måten, seier han.

Har fått sjikanerande epostar

I tillegg til hatefulle meldingar mot asylsøkjarar på Firda sitt kommentarfelt, fortel Apelseth at ho sjølv har fått fleire mailar med rasistisk innhald.

– Det har stått at bebuarane må slutte å sutre og komme seg ut av landet. Dei har ingenting her å gjere. Epostane har vore sjikanerande og rasistiske og vitnar om lite kunnskap hos dei som har sendt dei.

– Men dei har fått avslag på asylsøknaden og norske myndigheiter meiner det ikkje er fare om dei reiser heim. Kva tenkjer du om det?

– Når folk har vore gjennom traumatiske ting som vald og overgrep, så har dei det med seg og tør ikkje alltid reise heim. Andre manglar papir og styremaktene kan ikkje ta imot dei. Norske myndigheiter kan heller ikkje tvangsretunere.

– Norge har blitt eit kaldt land og at vi driv ein altfor streng asylpolitikk for å drive skremselspropaganda slik at folk ikkje skal tørre å komme hit, seier ho.

Forvarar satsane

Himanshu Gulati

FORSVARAR POLITIKKEN: Frp-politikar og statssekretær i justisdepartementet, Himanshu Gulati, seier alle med avslag på søknaden kan dra heim frivillig.

Foto: Siv Sandvik

NRK har den siste tida laga fleire saker på dei låge satsane til asylsøkarar med endeleg avslag, og sist veke forsvarte Frp-politikar og statssekretær i justisdepartementet, Himanshu Gulati, den norske asylpolitikken mellom anna på denne måten.

– Alle med avslag på asylsøknaden kan dra heim frivillig om dei ønskjer. Men dei vel å ikkje gjere det og difor forhandlar vi om returavtalar slik at vi kan tvangsretunere dei til heimlanda sine.

– Skal dei sveltast ut av landa?

– Nei, det skal dei ikkje. Dei skal ha eit nøkternt, men godt tilbod, seier han.

Grete Apelseth ved asylmottaket tykkjer det dei no har opplevd ved mottaket, er forferdeleg.

– Vi som lever i eit rikt land må kunne dele det vi har, seier ho.