Hopp til innhold

– Vi hadde marginane imot oss

Eirik Bakke var frustrert over at marginane og dommarsituasjonane gjekk i mot Sogndal gjennom det meste av seriestarten mot Sarpsborg 08.

Eirik Bakke
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi skulle hatt straffespark i første omgang. I andre omgang får Sarpsborg billige frispark. Alle situasjonane med dommaren går i mot oss, situasjonar inne i boksen som eg meiner ikkje er frispark.

– Med alle desse marginar imot, får Sarpsborg dødballar. Då veit vi at Sarpsborg er gode, seier Eirik Bakke.

Seriestarten gjekk ikkje som forventa for Sogndal søndag. Då domaren blæs stod det 3–1 i rekneskapen, til fordel for Sarpsborg 08.

Trøkte bakover

Men det byrja bra. Martin Ramsland sikra Sogndal leiinga etter 15 minuttar, og det på 24-årsdagen sin.

Men etter det gjekk det mykje Sarpsborg sin veg.

– Sarpsborg trykte oss bakover, vi fekk ein dødball imot oss og vart litt for mykje smågutar i boksen, vedgår trenaren.

Det var Sigurd Rosted som heada inn ein corner for heimelaget i det 30. minutt.

Same mann la på til 2–1 20 minuttar etter pausen. Då Kristoffer Zachariassen fekk nettkjenning i det 56. minutt, såg løpet ut som køyrt for Sogndal.

Likevel kunne Sogndal ha kome tilbake. Mellom anna gjekk to skot i tverrliggaren, og Bendik Bye hadde ein stor sjanse.

– Gutane gjev ikkje opp. Eg kan ikkje be om så mykje meir enn det, seier Bakke.

Eliteserien fotball 2017: Sarpsborg 08 - Sogndal. 3-1

MÅL: Sigurd Rosted (t.h) header inn 3-1 målet bak Mathias Dyngeland.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Tre i nettet

Før kampen visste han at Sarpsborg kom til å ha ballen mykje.

– Vi tør å spele på vår måte og visste at Sarpsborg ville ha ballen ein del. Men så får vi situasjonar med dommaren, og marginane imot oss. Då blir det tøft på Sarpsborg stadion.

– Eg er skuffa over at vi ikkje får med oss poeng, seier Bakke.

Sogndal-målvakt Mathias Dyngeland måtte hente tre ballar ut av nettet i Østfold-byen, men meiner han ikkje kunne gjort noko betre i situasjonane som oppstod.

– Dei pakker opp boksen vår veldig bra. Og blokkerar spelarar våre godt. Så Sarpsborg gjorde ein god taktisk jobb på dødballane sine, og fekk betalt med to mål for det, seier Dyngeland.

Nøgd

Trass tap, er målvakta nøgd med seriestarten, reint spelemessig.

– Eg tykkjer vi får god start, vi spelar kjapp og god fotball, og eg føler at vi straffar Sarpsborg godt på kontringane våre. Så får vi også betalt i ei tidleg skoring. Men mot eit heimesterkt Sarpsborg må me halde på scoringa lengre enn vi gjorde i dag, seier Dyngeland.

– Men det hadde vore rett med eit poeng til oss.

Eliteserien fotball 2017: Sarpsborg 08 - Sogndal.

GOD START: Martin Ramsland sikra leiinga etter 15 minuttar – på bursdagen sin.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix