NRK Meny
Normal

– Vi gler oss til alle artistane!

FØRDE (NRK): Tusenvis av ungar og ungdom tek for tida over Førde sentrum. Det er VG-listafeber i bygdebyen, og arrangørane har tatt høgde for at det kan kome 16 000 tilskodarar.

Fredrik og Torje

NØGDE: Fredrik og Torje Rekedal gler seg til konsert.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi gler oss heilt sjukt, seier Torje og Fredrik Rekedal. Dei to har teke turen til Førde stadion fleire timar før konserten byrjar, trass i pøsande regn.

Er det ikkje kjedeleg å vere på konsert i regn?

– Nei, det har ikkje noko å sei, det er kjekt uansett. Vi gler oss til å sjå alle artistane, men kanskje mest til Paperboys, seier Fredrik.

Sjølv om det altså regnar tungt no før konsertane, strøymer det stadig fleire folk til kunstgrasbana føre Førdehuset. Det er ikkje tillate med paraply på konsertane, men dei fleste ser ut til å kledd seg godt for vêret.

liten gjeng

SPENTE: Nokre møtte opp allereie klokka ni i dag tidleg, denne gjengen var blant dei som stod fremst i køen

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– No byrjar eg å kjenne det

Ørjan Alme

ENDELEG: Ørjan Alme har venta lenge på VG-lista-konserten i Førde. No er den endeleg her.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ein av dei som gler seg mest til VG-listakvelden er Ørjan Alme. Han er ein av dei som har fått hendinga til Førde. Som butikksjef på den lokale Coop Extra-butikken stelte han i stand mange påfunn for at Førde skulle slå dei andre konkurrentane om å få VG-lista til sin by.

– No har vi jo gleda oss lenge, men det først no eg byrjar å kjenne det, at det nærmar seg. Eg trur det blir stort, eg berre håpar regnet lettar litt, seier Alme.

gjeng

TIDLEG UTE: denne gjengen var ute fleire timar før konsertane byrjar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Håpar det skal gå roleg for seg

Og det er det nok mange andre som og gjer. Sjølv om mange ser ut til å trosse regnet, kan det jo tenkast at vêret set ein dempar på oppmøtet. Hege Tjønneland i Røde Kors seier at dei uansett trur arrangementet kjem til å gå forholdsvis roleg for seg.

kø

LANG KØ: køen har byrja å byggje seg opp på Førde Stadion

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er jo unge folk det her, og veldig mange har med seg foreldra. Det er heller ikkje eit segment der rus er eit stort problem. Men vi er no her uansett i tilfelle det skal vere behov for noko hjelp, seier ho.

Kva slags problem er det som kan oppstå då?

– Nei, om ei hylande jente skulle svime av til dømes. Elles kjem vi no berre til å gå rundt og følgje med.

raudekrossen

KLARE: Mannskap frå Røde Kors er klare til å hjelpe folk om nokon skulle trenge det

Foto: Aleksander Åsnes / NRK
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå