NRK Meny
Normal

– Vi er veldige urolege for kva som kan ha skjedd

Mottaksleiar Gunn Lerøy seier forsvinninga til ein av deira bebuarar uroar alle tilknytt Årdal Mottakssenter.

Gunn Lerøy

UROA: – Forsvinninga til ein av bebuarane uroar alle som er tilknytt Årdal Mottakssenter, seier mottaksleiar Gunn Lerøy.

Foto: Siren B. Svortevik

Det går føre seg ein større leiteaksjon i Utladalen etter ein 24 år gammal asylsøkjar frå Eritrea.

Mannen er kring 170–180 centimeter høg, og er truleg iført grå jeans, ein grå hettegenser, svarte sko og ei lysegrå jakke.

– Det er klart at vi er veldig urolege. No har det gått to døgn sidan den siste sikre observasjonen, og det har vore surt og kaldt, seier mottaksleiar Gunn Lerøy.

Joggar etterlyst

E

Sakna asylsøkar

SAKNA: Siste sikre observasjon av den sakna var i 12-tida torsdag då han kom med buss frå Årdalstangen.

Foto: Politiet

tter det NRK kjenner til skal den sakna ha budd i Årdal sidan mottaket vart starta 1. august 2013. Han skal tidlegare ha nytta seg av turstiar i området det no blir søkt i. Den siste sikre observasjonen var i 12-tida torsdag då han kom med buss frå Årdalstangen.

Samstundes som det laurdag går føre seg ein større leiteaksjon med både hundar, helikopter og hjelpemannskap, ber politiet publikum om tips.

Utsikt frå Vetti Gard i Utladalen

MYKJE FOLK: Det er venta mykje folk i Utladalen. Bilete er teke frå toppen av Vetti Gard i Utladalen. Det går ein trimveg langs elva.

Foto: Siren B. Svortevik

Politiet ynskjer mellom anna å komme i kontakt med ein joggar som kan ha sett den sakna i Vettisbakken etter klokka 1430 på torsdag. Det er ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt.

– Det er ingenting som tilseier det, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Held bebuarane orientert

Leiteaksjon etter asylsøkjar i Øvre Årdal

KOORDINERER: Leiteaksjonen blir koordinert frå Norsk Folkehjelp sine lokale i Årdal.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Mottaksleiaren seier det no er politiet som leiar hjelpemannskapa som er ute i terrenget. For hennar del går arbeidet no i å halde både tilsette og bebuarar orienterte om det som skjer.

– Det er ein ung mann som har truleg har gått ein tur, men kva som har skjedd er det ingen som veit. Vi er uroa. Både tilsette og bebuarar, spesielt det eritreiske miljøet. Vi håpar på det beste, seier ho.

Det vart fredag kveld og fram til klokka 04 søkt i terrenget, utan å finne spor. Søket vart starta opp att laurdag morgon. I terrenget kring Øvre Årdal er det mange, til dels krevjande, turstiar. Førebels blir søket konsentrert om

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.