– Vi er vaksne nok til å stemme

LUSTER (NRK): I Luster kan 16-åringar for andre gong vere med å påverke resultatet under kommunevalet.

VAL: Ungdomar frå Luster

UNGE STEMMER: Desse 17-åringane kan i år få stemme – sjølv om dei ikkje er fylt 18 år.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Vallogo

– Eg tykkjer det er bra at vi får eit slikt tilbod. For eg føler at vi er vaksne nok til å stemme når vi er 16 år. Eg veit kva dei fleste partia står for, så dette er ei bra ordning, seier Ingrid Sofie Næss (17).

Både ho og venninnene Ivonn Brugrand Lingjerde (17) og Sara Kvam (17) går på vidaregåande i Sogndal, men skal heim att på valdagen for å gje si stemme.

– Det vert Arbeidarpartiet som får mi stemme, seier Kvam. Også Brugrand Lingjerde likar best det raude partiet. Medan Næss si stemme kjem til å gå til Høgre.

Luster er ein av to kommunar i Sogn og Fjordane som er med i prøveprosjektet der røysteretten gjeld frå du er 16 år. Eid i Nordfjord er den andre. Dei tre 17-åringane har så vidt fått med seg ordførarduellen som er i emning i heimkommunen.

Ingrid Sofie Næss, Sara Kvam og Ivonn Brugrand Lingjerde

RØYSTERETT: F.v.: Ingrid Sofie Næss, Sara Kvam og Ivonn Brugrand Lingjerde.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Er det ikkje han Kvalen då? Spør Næss dei andre to.

– Ja, og han lensmannen. Johannessen, svarar Kvam.

Litt høge skuldrer

Etter fire år med ordførarkjeda rundt halsen har senterpartiets Ivar Kvalen kome tett inn på innbyggjarane i kommunen sin. Han er klar for ein ny periode som ordførar, men i år er det knytt ekstra spenning til kommunevalet her.

For øvst på Arbeidarpartiet si liste står eit velkjent namn for dei fleste. Arne Johannessen, mangeårig leiar av politiets fellesforbund og no lensmann i Sogndal, er klar til å ta opp kampen om ordførarvervet. Kvalen kjenner at han er litt spent.

– Eg kjenner godt Arne. Han er ein dyktig kar som er målretta og flink til å få fram saker han brenn for. Det er klart at ein alltid er spent framføre eit kommuneval. Eg trur at dersom ein skal yte sitt beste, så må ein ha litt høge skuldrer, seier Kvalen.

Det vert difor ein tøff duell mellom dei to største partia i kommunen. Kvalen føler at han framleis har mykje å tilføre Luster-politikken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ivar Kvalen

SPENT: Ordførar Ivar Kvalen (Sp) er klar til å ta på seg ordførarvervet i fire nye år.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg er motivert til å halde fram ein periode til. Eg tykkjer vi har fått til mykje bra denne perioden her, og har også ambisjonar om å få til enda meir i dei neste fire åra, seier Kvalen.

– Bakgrunnen min er ein fordel

Ambisjonar har også utfordrar Johannessen. Han er klar til å byte ut politiuniformen med ordførarkjeda.

Arne Johannessen

ORDFØRARKANDIDAT: Arne Johannessen (Ap) er klar til å trå til som ordførar i Luster.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg har stor sans for Ivar, men eg trur at når det er snakk om å posisjonere Luster og vere i forhandlingar og dialog med sentrale myndigheiter, så meiner eg at min bakgrunn og erfaring er ein fordel, seier Johannessen.

Dei førre vala har vore jamne mellom dei to partia, men kven av dei som trekk det lengste strået i år, torer ikkje Johannessen å spå.

– Det er ein ting eg har bestemt meg for, og det er å ikkje tippe om slike ting. Eg er generelt dårleg til å tippe og likar best å halde meg til fakta. Men sjølvsagt håpar eg har flest mogleg brukar Arbeidarpartiet sin lapp, seier Johannessen.

Ikkje så spennande som folk trur

Innbyggjarane er meir sikker i si sak, og meiner den sitjande ordførarar fortener fire nye år. Anders Bjørk trur ikkje Kvalen treng å vere spent på resultatet.

– Eg trur han kjem til å greie seg. Eg kjem i alle fall til å stemme på han. Eg trur konkurransen frå Johannessen vert mindre enn det folk trur, seier Bjørk.

– Mitt inntrykk er at lustringane stort sett har vore fornøgd, men den fasiten får vi om ikkje så lenge, seier Kvalen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helga og Anders Bjørk og Kjell Næss

FORNØGD MED KVALEN: Helga og Anders Bjørk og Kjell Næss trur Ivar Kvalen (Sp) får halde fram som ordførar i kommunen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Johannessen kan få vere lensmann

Dei tre 17-åringane som skal stemme for første gong er ikkje så opptekne av kven som skal styre i kommunen. Dei er fornøgd med Kvalen sin jobb dei siste åra.

– For min del kan han berre sitje han. Arne Johannessen treng vi vel som lensmann, så då kan han få vere det i staden, seier Sara Kvam.

– Men likevel vil du stemme Arbeidarpartiet?

– Ja, det gjer eg, seier ho.

– Men det er litt annleis ved kommunevalet. Eg trur ikkje det gjer så mykje for oss kven av dei som vert ordførar, seier Ingrid Sofie Næss.

– Det er same kven som styrer berre den gjer det beste for kommunen, og det vil nok begge, seier Ivonn Brugrand Lingjerde.

Val 2015 ungdomar
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK