Nedrebø deltok på førre styremøte i Helse Førde, der han har observatørrolle og høve til å stille spørsmål.
– Spørsmålet var kva kutta vil føre til for pasientane. Vi er uroa på pasientane sine vegner. Eg etterlyste konsekvensane for pasientane. Kva fører det til for brukarane med så store nedskjeringar ved sjukehuset?
Fryktar stress skal føre til feil
– Kva var svaret du fekk?
– Svaret var at dei ikkje har oversikt. Dei kunne ikkje svare på kva det fører til.
– Kva er du uroa for?
– Det vi er uroa for er at redusert bemanning fører til stress blant pleiarane, og at feil og uønskte hendingar ikkje vert oppdaga i tide. Det ligg i sakas natur at når det vert færre hender som skal jobbe, då vert det meir på kvar enkelt. Det er lett å oversjå ting ein burde oppdaga, seier Nedrebø.
– Synd for kvinnene
Ein av konsekvensane fekk altså pasientar og brukarar informasjon om i dag. Men sjefane ved lokalsjukehusa opplyser at dei ikkje kjenner til andre kuttplanar ved sjukehusa deira.
– Det er synd for kvinnene som får lenger reiseveg, men eg håpar det berre er vert mellombels, seier stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, Margun Thue.
Thue viser elles til at sjukehuset får MR-maskin til neste år. Dei skal også i gang med eit utviklingsprosjekt som skal sjå på kva for helsetenester innbyggjarane som soknar til Lærdal sjukehus treng i framtida.
– Planen er at Lærdal sjukehus ska gi eit godt tilbod til innbyggjarane også i framtida.
– Kan få konsekvensar
Thue seier dei har fast tilsette ortopedar ved sjukehuset i dag. Desse ambulerer til Førde og Nordfjordeid. Om Helse Førde vert tvungne til å spare ytterlegare og endre på denne typen ambulerande tilbod også, fryktar ho konsekvensane.
– Kjem vi i ein slik situasjon vil dette sjølvsagt få negative konsekvensar for pasientane og tilbodet lokalt.
– Kronikarar og eldre viktigast
Også stadleg leiar ved Nordfjord sjukehus, Tone Holvik, håpar kuttet i gynekologi-tilbodet berre er mellombels. Ho meiner dette kuttet uansett ikkje rokkar ved fundamentet til sjukehuset hennar.
– Det viktige for oss er å halde fokus på at vi skal vere framtidas lokalsjukehus med eit godt tilbod til innbyggjarane i Nordfjord. Og så får vi finne lurare måtar å jobbe på. Det viktigaste tilboda for oss er dei vi gir kronikarane, eldre og dei som brukar sjukehuset ofte, seier Holvik.