Hopp til innhold

– Vi er suverent dårlegast på fiber

– Dette er for dårleg, seier Jan Heggheim, leiar i Nasjonalt breibandsråd, om undersøkinga Fornyingsdepartementet initierte.

Jan Heggheim, fylkesdirektør næringsavdelinga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

ETTERLYSER: Jan Heggheim, fylkesdirektør for næringsavdelinga, og leiar i Nasjonalt breibandsråd, etterlyser meir pengar til fiberutbygginga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For berre ein av tre har tilgang på fiber i Sogn og Fjordane. Det gjer fylket til det suverent dårlegaste på fiber i Norge.

Jan Heggheim, leiar i Nasjonalt breibandsråd, etterlyser meir pengar frå staten.

– Det er ikkje tilfredsstillande i det heile, seier han.

Kvar tredje

Frank Willy Djuvik

KRITISK: Frank Willy Djuvik.

Foto: Alf Vidar Snæland

Medan berre 30 prosent av innbyggjarane i Sogn og Fjordane har tilgang til breiband på fiber, er snittdekninga i landet på 70 prosent.

Utbygginga i fjordfylket har vore delt mellom kommersielle aktørar og staten.

– Det som kan byggast ut kommersielt, er bygt ut. Så skal vi komme vidare no, må vi ha statlege pengar. I Sogn og Fjrodane har vi 10-12 millionar kroner som vi byggjer breiband for kvart år, og vi har ei altfor stor oppgåve til den summen, seier Heggheim.

Dobling frå 2012

Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, meiner at utbygginga av fibernettet er svært viktig for at næringslivet og innbyggjarar skal kunne satse i fylket.

– Då er breiband heilt avgjerande for at vi skal lukkast med det. Der har staten verkeleg feila. Til tross frå fagre løfter i mange år frå den raudgrøne regjeringa, så har vi ikkje sett noko til den satsinga som har vore lova lenge, seier han.

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) meiner påstanden frå Djuvik er feil. Ho viser til at dobbelt så mange sogn- og fjordingar har fibertilgang, som i 2012.

Utfordringar

Liv Signe Navarsete

AVVISER: Liv Signe Navarsete.

Foto: Berit Roald / NTB - Scanpix

– Berre i Sogn og Fjordane har ein auka veldig sterkt fiberdelen frå i fjor. Ei dobling er i seg sjølv eit tydeleg teikn på at det skjer positive ting, seier ho. Lågt befolkningstal og store geografiske avstandar gjer det vanskeleg for kommersielle å byggje ut fiber i Sogn og Fjordane.

Navarsete seier det er sett av meir pengar frå staten til fiberutbygging frå og med neste år.

– Men no har vi brukt ein milliard, og vel så det, på breibandsutbygging. Vi aukar løyvinga til 150 millionar kroner til neste år, avsluttar Navarsete.