NRK Meny
Normal

– Vi er ikkje akkurat bortskjemde med bortesupporterar. Så vi skal ta godt imot

Hønefoss håpar dei for første gong i år skal ha fleire enn 2000 tilskodarar når Sogndal kjem på stadion for å jakte opprykk. Dei kan få kamp frå eit tresifra tal bortesupporterar.

Hønefoss BK blir i 1. divisjon

ÅRSBESTE: Det kan bli godt med folk på Aka Arena på søndag. Kanskje fleire enn 2000 tilskodarar for første gong denne sesongen.

Foto: Nicolai Delebekk / NRK

– Det er ein viktig kamp både for dei tilreisande og heimepublikum, og Sogndal har signalisert at det kjem ein del supporterar. Det synest vi er kjempepositivt og kjempegøy. Vi er ikkje bortskjemde med bortesupporterar, så vi skal ta godt imot dei, seier sports- og utviklingssjef Rolf Magne Walstad i Hønefoss.

Tabelljumboen i 1. divisjon har fått ny giv dei siste kampane. Onsdag vann grøntrøyene 1–0 borte mot Hødd, og no har fått Hønefoss fått håp om å berge plassen.

Samstundes jagar Sogndal opprykk, og kan sikre dette med siger på søndag – dersom Kristiansund tapar borte mot Åsane.

Kampen har eit sus av historie over seg

Det bryggar med andre ord opp til det som kan bli eit skikkeleg drama på Aka Arena.

Bakteppet består også av opprykkskampen mellom dei to laga i 2009, då 3500 tilskodarar såg Hønefoss og Sogndal spele 0–0 – og heimelaget rykte direkte opp.

– Det er jo litt historisk sus over denne kampen. Så den er både viktig og litt historisk. Vi satsar på at det går som sist. Vi er avhengige av å trekkje det lengste strået også no, seier Walstad.

Super-Ruben vart helten mot Strømmen

KLARE FOR FEST: Rune Bolseth og Ruben Holsæter reiser til Hønefoss, der dei kan sikre opprykk dersom alle resultata går Sogndal sin veg.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Håpar Sogndal «må» feire opprykket heime

Tilskodartala på Aka arena har variert frå 1000 til 1800 denne sesongen. No håpar Hønefoss at dei kan bikke 2000. Da kan det bli ein ekstra god atmosfære.

Sogndal har sett opp eigen supporterbuss til Ringerike. Det er i tillegg venta at ein del utflytte sogningar kan ta turen frå Oslo-området.

– Vi tapte mange jamne kampar i vår, og i sommar mista vi mange av dei beste spelarane våre. Men vi er ein ung og svolten gjeng som jobbar steinhardt for å redde plassen. Vi skal å selje oss dyrt på søndag, seier Walstad og legg til:

– Sogndal klarer seg med tre poeng til – men det kan dei like godt plukke heime på Fosshaugane. Då kan dei feire på heimebane. Og det unner vi dei.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser