NRK Meny
Normal

– Vi er heilt avhengige av anestesi

– Liv vil gå tapt om anestesien forsvinn frå Nordfjord.

Siv Nord Olsen, Jonas Räf og Henrik Berg

KAMPEN HELD FRAM: Siv Nord Olsen, anestesisjukepleiar og fagansvarleg for ansestesi ved Nordfjord sjukehus, anestesilege Jonas Räf og overlege Henrik Berg ved medisinsk avdeling forlangar framleis anestesi ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det hevdar overlege Henrik Berg og fagansvarleg for anestesi ved Nordfjord sjukehus Siv Nord Olsen.

Ulike tolkingar av vedtak

Både statssekretær Tord Dale (Ap) og administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde er klare på at helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen sitt sjukehusvedtak frå april legg opp til anestesien skal bort.

Senterpartiet vil på si side ha saka opp i regjeringa.

Varslar store konsekvensar

Uvissa rundt det framtidige akuttilbodet i Nordfjord gjer at tilsette ved Nordfjord sjukehus går kraftig ut for å sikre dagens tilbod ved sjukehuset.

Overlege Henrik Berg ved Nordfjord sjukehus meiner spørsmålet om anestesitilbod handlar om liv eller død.

– Viss vi får den ordninga som no er skissert, er det heilt klart at liv vil gå tapt. Folk som overlever, og som kunne blitt friskare med adekvat behandling, vil bli øydelagde for resten av livet , seier Berg.

– Utenkjeleg utan anestesi

Regjeringa har sagt at Nordfjord sjukehus skal ha ein indremedisinsk akuttberedskap som i dag, men samstundes opnar både helsedepartementet og Helse Førde for å fjerne anestesien. Samtlege fagfolk NRK.no har snakka med dei siste dagane meiner dette ikkje heng saman uansett ståstad i helsedebatten.

Senterpartiet ynskjer å ta saka opp i regjeringa for å gjere vedtaket meir tydeleg, Henrik Berg meiner det vil vere umogleg å drive ei medisinsk avdeling som i dag utan anestesi.

– Uansett kva framtidsmodeller ein tenkjer seg, så er vi heilt avhengige av hjelp frå anestesien når dei alvorlegaste sjuke kjem inn døra.

Legar trugar med å slutte

Berg seier legemiljøet ved Nordfjord sjukehus er så uroa og frustrerte at fleire vil kome til å slutte.

Nordfjord sjukehus

SJUKEHUS I ENDRING: Drifta ved Nordfjord sjukehus skal leggast om etter helseministeren sitt endelege sjukehusvedtak i vår. Men framleis rår usemja om kva vedtaket inneber.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– På grunn av desse tinga er det éin spesialist som har sagt opp litt tidlegare, og sju spesialistar kjem truleg ikkje attende etter sommaren, seier overlegen.

Helse Førde sin administrerande direktør Jon Bolstad reagerer på si side på dei kraftige utsegnene frå dei tilsette ved Nordfjord sjukehus.

– Det at fagfolk skaper frykt, det synest eg i utgangspunktet er veldig beklageleg. Det er klart at når vi i Helse Førde planlegg, så planlegg vi forsvarlege helsetenester.

Har gått greit i Kragerø

Jon Bolstad er sett i ein vanskeleg situasjon. På den eine sida har han fått fullmakt frå regjeringa til å legge ned fødeavdeling og ortopedi i Nordfjord. Samstundes har han fått det som mange meiner er eit krav om å oppretthalde den indremedisinske akuttberedskapen som i dag.

Få stadar i landet er det prøvd å drive sjukehus utan anestesi. Ein som veit kva det går ut på er klinikkdirektør Per Urdal ved Sykehuset i Telemark.

Ved sjukehuset i Kragerø har ein ei slik medisinsk avdeling, det fungerer godt, meiner han, så lenge det begrensa tilbodet er godt kommunisert til innbyggarane.

– Mitt inntrykk er at innbyggjarane i Kragerø synest dette er ei god og trygg løysing. Og så skal også eg erkjenne at det er jo ikkje veldig lange avstandar her i Telemark. Det er 65 km frå Kragerø opp til Skien, seier Urdal.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kragerø sykehus

UTAN ANESTESI: Kragerø sykehus er eitt av få i Norge utan anestesitilbod. - Det har gått greitt. Mitt intrykk er at folk synest det er ei trygg ordning, seier klinikkdirektør Per Urdal.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Må ikkje skape falske forventningar

Det tek vel 50 minutt i personbil mellom Skien og Kragerø. Urdal meiner det avgjerande for at eit slikt tilbod skal vere trygt og forutsigbart er at innbyggarar, helsepersonell og andre har det klart for seg kva tilbod ein kan få lokalt og kva ein kan få andre stadar.

Derfor vert han også skeptisk til at regjeringa ikkje har vore tydelegare i sjukehusstriden her i fylket.

– Eg trur det er viktig at ein ikkje blir skapt falske forventningar. Når ein har eit sjukehus må innbyggjarane vere absolutt trygge på at det er god kompetanse på dei områdene ein tilbyr helsetenester. Viss ikkje må ein reise til nærmaste stad der ein kan få det. Og det er eg ikkje sikker på er like klart alle andre stader, seier den medisinske klinikkdirektøren for sjukehusa i Telemark.

Sjukeheim?

Men ved Nordfjord sjukehus meiner anestesisjukepleiar Siv Nord Olsen at Nordfjord sjukehus ikkje lenger er eitt sjukehus utan anestesi.

– Det er eit tilbod som eg ikkje skjønar nokon kan kalle forsvarleg i det heile tatt. Det vi står att med er geriatrisk, eller ein sjukeheim.

Nord Olsen lurer på kor Bolstad har ryggdekning når han har gått ut og sagt at anestesien skal bort..

Bolstad meiner ordren er klar

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.

VISER TIL DEPARTEMENTET: Helse Førde-direktør Jon Bolstad likar dårleg at eigne tilsette spreier det han oppfattar som ugrunna frykt.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Det har blitt sagt både frå Helse Vest og departementet at det er ein samanheng i måten dette er resonert på, og det er det vi forheld oss til, seier Helse Førde-direktøren.

– Kan ein seie at den indremedisinske akuttberedskapen vil vere uforandra viss ein tek bort anestesien?

– Det er det ingen som har sagt. Det ein seier er at ein skal ha ein indremedisinsk akuttberedskap, som no. Og så skal dette organiserast i høve til dei pasientgruppene som skal vere på sjukehusa i den nye modellen. Der skal vi lage gode prosedyrer rundt seleksjon av pasientar og dei gode pasientforløpa skal etablerast ilag med våre fagfolk, seier Jon Bolstad.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser