Hopp til innhold

– Vi er ført bak lyset

Sogn og Fjordane fylkeskommune har brukt minst 11 millionar kroner på dei eksterne konsulentane som tilrådde salet av Fjord1-aksjane. – Rådgjevarane har ført oss bak lyset, seier fylkesleiar Hilmar Høl i Arbeidarpartiet.

Hilmar Høl

IKKJE NÅDIG: Ap-leiar Hilmar Høl føler at rådgjevarane som rådde til sal av Fjord1 har ført politikarane bak lyset og har veldig liten tillit til arbeidet dei har gjort.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ap-leiaren er ikkje overraska over avgjerda til Konkurransetilsynet og tordnar mot rådgjevarane som fylkeskommunen har brukt millionar på.

– Eg har veldig liten tillit til arbeidet som rådgjevarane har gjort. Eg føler dei har ført oss bak lyset med å seie at transaksjonen eller salet ville bli godkjent av Konkurransetilsynet utan nokon slags påverknad.

– Samstundes viste dei til at foten ville bli sett ned for fusjonen mellom Nordled og Fjord1, noko som berre var spekulasjonar frå deira side. Ap stilte spørsmål ved grunngjevinga og fekk rett til slutt.

Arbeidarpartiet stilte seg undrande til at den største aktøren skulle gå inn utan at Konkurransetilsynet skulle ha noko å seie til det.

– Eg trur ikkje fylkesordførar Jenny Følling skal vere så overraska. Ho gjekk «all in» ilag med Sp i denne saka, og dei har tapt, seier Høl.

Rådgjevarar på Fylkesutvalet

RÅDGJEVARANE: Inge Ekker Bartnes, Torjus Stalleland og Odd Solheim til stades på eit fylkesutvalsmøte.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Må få ro

Han meiner Fjord1 no må få ro ei tid framover.

– No må me roa oss litt ned og vere klar på at fylkeskommunen framleis skal vere eigar i Fjord1-selskapet. Det kan vere ein fordel å vere eigar no, slik stoda i selskapet er. Selskapet må få ro framover.

– Bør dette får konsekvensar for fylkesrådmannen?

– Vi har brukt uhorveleg mykje pengar på å bli sørva av desse rådgjevarane som har kome med tilrådinga. Når vi no veit konklusjonen skjønar vi at vi kunne brukt pengane på noko anna. Det er vanskeleg å seie om det blir konsekvensar, det er jo eit politisk fleirtal som har gjort dette vedtaket.

Høl seier dette uansett er ei sak som må forklarast.

Åshild Kjelsnes

GLAD FOR UTFALLET: Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Konkurransetilsynet har vore så pass klare, og dei var tidleg ute med sitt syn. Vegstyresmaktene det same. Det er nokre føresetnader her som ikkje vart tekne med i arbeidet som vart utført av rådgjevarane og den politiske leiinga, ting som det burde vore sett søkelys på tidlegare, seier Hilmar Høl

Rad med dårlege råd

Partikollega og fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes legg ikkje ikkje skjul på at ho er glad for resultatet. Ap har heile tida vore mot sal.

– Kva tenkjer du på jobben og millionane som er brukt?

– Det talar for seg sjølv. Det er ei rad med råd som ikkje har halde stikk.

Men gruppeleiar Sigurd Reksnes i Senterpartiet meiner Høl og Kjelsnes ikkje har grunn til å slå seg for brystet.

– Åshild Kjelsnes sat som fylkesordførar i 17 av dei 18 månadene salsprosessen tok. Ho hadde rikeleg med moglegheit til å ordne med dette sjølv. Kjelsnes har openbert eit ansvar her på lik line med alle andre som har vore med undervegs.

– Har gjort ein god jobb

Tore Eriksen fylkesrådmann

– URIMELEG KRITIKK: Fylkesrådmann Tore Eriksen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fylkesrådmann Tore Eriksen tykkjer kritikken er urimeleg og meiner det ikkje er blitt gjennomført nokon slett sakshandsaming.

– Det er ikkje blitt lova at denne saka ville gå gjennom hjå Konkurransetilsynet. Dette har blitt problematisert i eige dokument som vart lagt fram for fylkestinget. Det har vore ein gjennomgåande oppfatning i selskapa i bransjen at ein ville gå frå fire til tre ferjeselskap. Dette låg inne i den fusjonen som Fjord1 sjølv jobba med for eit år sidan.

Han tykkjer rådgjevarane har gjort ein god jobb og lagt fram beslutningsgrunnlag i ei stor og krevjande sak. Men han stadfestar at fylkeskommunen før jul nådde ein sum på rundt 11 millionar kroner til førebuing av salet.

– Talet har auka no fordi konkurransesaka, lovligheitsaka og Havila-saka kostar oss pengar. Men det aller meste vil bli dekt av vår avtalepart Torghatten, så eg er ikkje særleg ottefull for utgiftene, seier Eriksen, som er på ferie og ikkje på ståande fot kan seie kor stor andel Torghatten skal ta.

Ingen kommentar

Partner Inge Ekker Bartnes i advokatfirmaet Wiersholm er ein av rådgjevarene fylkeskommunen har brukt i arbeidet med salet av Fjord1-aksjane.

NRK har ringt Inge Ekker Bartnes og tilbydd han å svare på kritikken frå Høl. Han svarar at han er på feriereise og ikkje ynskjer å uttale seg no.