Hopp til innhold

– Vi brukar å seie at vi får ein liten smakebit frå heile verda

FØRDE (NRK): – For mange er barnehagar ein veldig god plass å vere for å lære språk, eller teste ut arbeidslivet, seier dagleg leiar Tone Listau i Nærleiken barnehage.

I Nærleiken barnehage er dei svært nøgde med å ta inn språkpraktikantar. Foto: Ahmad Dean

SJÅ VIDEO: Fatemeh Aslerousta har hatt språkpraksis i Nærleiken barnehage sidan februar. Foto: Ahmad Dean

Ho er svært nøgd med å ta inn språkpraktikantar.

– For oss handlar dette om å vere ein del av eit samfunn og bidra til det, seier Tone Listau

Nærleiken barnehage ligg i Førde sentrum og har det siste tida hatt språkpraktikantar frå Syria, Iran, Kongo og Kroatia. Ei av dei er Fatemeh Aslerousta har hatt språkpraksis i Nærleiken barnehage sidan februar, men har og jobba der som frivillig tidlegare. Ho fortel at det å jobbe med barn er midt i blinken.

Fatemeh Aslerousta

22 ÅR: Fatemeh Aslerousta har arbeidde med barn i 22 år før ho kom til Noreg.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Eg var lærar i 22 år i heimlandet mitt, Iran. Eg har jobba med barn halve livet, så dette passar veldig godt. Barna er og flinke til å rette på meg når eg seier noko feil. Nei, Fatimeh, det er feil, du må seie det slik. Det er veldig god hjelp, seier Fatemeh Aslerousta.

Tidlegare har barnehagen mellom anna også hatt praktikantar frå Afghanistan og Filippinane. Trass stor spreiing av opphavsland, seier Listau at dei ikkje har opplevd problem knytt til kulturskilnader.

– Vi brukar å seie at vi får ein liten smakebit frå heile verda. Det kan sjølvsagt vere utfordringar knytt til å forklare kvifor vi gjer ting på ein bestemt måte når det er vanskeleg å nytte seg fult ut av språket, men kulturskilnadane har ikkje vore noko problem.