Hopp til innhold

– Venstre og Krf må stille opp og sikre skattearbeidsplassar til Eid

Eid Høgre utfordrar støttepartia Venstre og KrF på å støtte skatteinnkrevjingsreforma som kan føre til 15 nye jobbar på Eid.

Eli Førde Aarskog

HÅPAR PÅ STØTTE: Eli Førde Aarskog, er leiar i Eid Høgre.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg ynskjer sjølvsagt at dei skal stå på i denne saka, slik at vi kan få fleirtal for den, seier Eli Førde Aarskog, som er leiar i Eid Høgre.

Måndag kom meldinga om at regjeringa vil opprette 15 nye arbeidsplassar i Eid , som del av skatteoppkrevjarreforma, ei reform som har mangla støtte i Stortinget. Førde Aarskog forventar at støttepartia stiller opp.

– Her får vi tru at ordføraren i Eid kan legge inn eit godt ord.

Kritisert reform

Men den eine sitt brød, kan fort vere den andre sin død. For dei 15 nye skattearbeidsplassane kjem som del av regjeringa si reform av skatteoppkrevjaren.

Ei reform som har vore kritisert og avvist av nettopp støttepartia Venstre og KrF. I det opphavlege kuttforslaget låg 27 årsverk i ni kommunar i fylket. Spørsmålet er om det er desse som no blir flytta til Eid.

– Det veit vi ikkje enno. Det einaste som står i meldinga så langt er at det er 15 nye arbeidsplassar for Eid sin del.

– Alle kjempar for sitt

– Men dersom det skulle syne seg at desse arbeidsplassane kjem frå andre kommunar i fylket, er gleda då like stor?

– Sei det du, vi må få lov å vere glade uansett trur eg. Alle kjempar for sitt, så ærlege må vi vere. Det er sjølvsagt synd dersom alle dei 15 arbeidsplassane er «stolne» frå nabokommunane, men det får vi vente og sjå.

"Vent og sjå" er også svaret frå Venstre og KrF. NRK har vore i kontakt med både fylkesleiar Trude Brosvik, og Eid-ordførar og sentralstyremedlem Alfred Bjørlo. Begge vil sjå heile forslaget frå regjeringa før dei uttaler seg.

– Vi har jo hatt eit håp om at det skal bli noko i Eid på dette, og det ser det no ut til at det kan bli.