Hopp til innhold

– Venstre kjem ikkje til å levere

Venstre lova at dei skulle flytte offentlege arbeidsplassar ut av Oslo, og styrke distrikta med nye, ferske jobbar. No har Senterpartiet mista tolmodet.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) møtte til debatt tirsdag i Stortinge om redegjørelse om forvaltningen av ulv.

HAR IKKJE TRUA PÅ SAMARBEIDSPARTIA: Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum har ikkje trua på at Venstre og KrF får til noko utflytting av offentlege arbeidsplassar. Han meiner at regjeringa og samarbeidspartia først og fremst driv med sentralisering av arbeidsplassar til Oslo.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Denne stortingsperioden er snart over, og vi har ikkje høyrt noko. Eg trur ikkje dei kjem til å flytte noko særleg ut av Oslo, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Det var i sommar at Venstre gjekk ut og sa at dei hadde fått gjennomslag for å flytte statlege jobbar ut frå Oslo. Avtalen var eit kompromiss, og Venstre gjekk til gjengjeld med på å akseptere regjeringa sitt nye inntektssystem for kommunane.

I utgangspunktet skulle planen for utflyttinga verte presentert før jul. No har Vedum mista heilt trua på at noko kjem til å skje.

– Det kan hende vi får ein eller anna plan i siste liten, men det byrjar å bli for seint å få til noko skikkeleg.

– Vi jobbar med saka

Stortingsrepresentant for Venstre Sveinung Rotevatn seier at dei jobbar med å presentere ei utflytting.

– Grunnen til at dette har teke tid er at vi sit i forhandlingar med regjeringa om kva arbeidsplassar vi skal flytte, og korleis vi skal gjere det.

Sveinung Rotevatn

JOBBAR MED SAKA: Sveinung Rotevatn fortel at han og Venstre jobbar med å legge fram kva arbeidsplassar dei har planar om å flytte ut av Oslo. I utgangspunktet skulle dei leggje fram planen før jul i fjor, men det har vorte utsett.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Rotevatn er lite imponert over kritikken frå Vedum.

– Eg skjønar godt at Senterpartiet er utolmodige, for dei fekk jo ikkje til noko som helst av dette då dei sat i regjering i åtte år.

Han seier at det viktigaste for Venstre er at dei får på plass ein god avtale, og han vil ikkje kommentere kor tid det skjer.

– Eit dyrt og lite effektivt tiltak

Men medan Venstre og Senterpartiet kranglar om kven som er flinkast til å flytte ut offentlege arbeidsplassar, er ikkje alle samde i at det er ein god ide i det heile.

– Det er ikkje statleg byråkrati som skaper vekst på bygda. Å flytte ut slike arbeidsplassar er eit dyrt og lite effektivt tiltak. Dei seier politisk økonom i den liberale tankesmia Civita, Anne Siri Bekkelund.

Ho syner til tidlegare erfaringar med å flytte arbeidsplassar i staten frå Oslo, og ut til distrikta.

Victor Norman i Stortingssalen

NØGD: Victor Norman har vore professor i samfunnsøkonomi ved NHH i Bergen sidan 1975. Mellom 2001 og 2004 var han arbeidsminister i Kjell Magne Bondevik si regjering, og då sette han i gang arbeidet med å flytte sju statlege tilsyn med til saman 900 arbeidsplassar ut av Oslo.

Foto: Knut Fjeldstad / NTB scanpix

Har blitt gjort før

Førre gong det vart flytta slike arbeidsplassar var det også ei borgarleg regjering. Bondevik II-regjeringa flytta sju statlege tilsyn frå Oslo og ut i distrikta. Til saman utgjorde det rundt 900 arbeidsplassar.

Det var mellom anna luftfartstilsynet til Bodø og Medietilsynet til Fredrikstad.

– Det var ein stor suksess å flytte ut dei arbeidsplassane. Det gav veldig mange positive ringverknader, og det var bra for verksemdene. Det seier Victor Norman, som var arbeidsminister i Bondevik II-regjeringa, og arkitekten bak utflyttinga.

Norman avfeiar kritikken frå Civita.

– Ja, vi fekk tak i flinke folk. Faktisk meiner eg at vi fekk flinkare folk enn før tilsyna vart flytta ut.