Hopp til innhold

– Venene berga livet hennar

Varabrannsjef John Erik Johnsen i Aurland var den første av redningsfolka som kom fram til den skadde syklisten i Flåmsdalen. Han er overtydd om at venene berga livet hennar.

John Erik Johnsen, hamnesjef i Aurland og varabrannsjef i Aurland

SYKLIST SKADD: John Erik Johnsen er både hamnesjef og varabrannsjef i Aurland. Han seier venene til den skadde kvinna truleg berga livet hennar.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen

Like over klokka 18 tysdag kveld gjekk alarmen. Frå eit stykke opp ei Flåmsdalen kom meldinga om at ein kvinneleg turist hadde ramla på sykkel og var stygt skadd.

Brannvesen, politi og ambulanse rykte alle ut, og først på staden av den profesjonelle redningsfolka var varabrannsjef John Erik Johnsen.

Han er full av ros for dei fem andre turistane som sykla saman med den skadde kvinna.

– Det at dei handla raskt var avgjerande, seier den røynde brannmannen.

– Ramla over styret og slo seg i hovudet

For det kunne gått mykje verre. Dei seks spanske turistane hadde kome til Flåm med cruiseskip, og var på veg tilbake til Flåm via Rallarvegen då uhellet skjedde.

Ifølgje politiet velta kvinna på ei bein vegstrekning utan helling. Der har ho mista kontrollen på sykkelen på den lause grusen.

– Slik det er blitt fortalt av dei andre skal kvinna ha fått skrens før ho ramla over styret og slo seg i hovudet, fortel varabrannsjefen.

Alle dei seks var i alderen 50–60 år, og alle skal ha brukt hjelm.

– Kvinna skal ikkje ha pusta etter velten, og dei andre sette i gang med munn til munn metode, seier Johnsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ambulanse på veg ut av Flåmsdalen, der ei kvinne vart skadd i ein sykkelvelt

FLÅMSDALEN: Ulukka skjedde mellom Berekvam og Blomheller, nokre kilometer oppe i Flåmsdalen. Biletet er teke øvst i Flåmsbygda, der brannvesenet tidlegare i kveld stogga vegen inn i dalen for anna trafikk.

Foto: Arne Veum/Aurlendingen

Lege på veg med Flåmsbana kom raskt til

Ganske raskt fekk dei spanske turistane også hjelp frå andre. Uhellet skjedde på strekninga mellom Berekvam og Blomheller, og i dette området går Flåmsbana like ved den populære sykkelvegen. På toget på veg oppover forstod dei raskt kva som hadde skjedd.

– Lokomotivføraren såg dei, og skjønte kva som hadde skjedd. Det var ein sjukepleiar på toget, og denne kom til og kunne hjelpe kvinna, seier Johnsen.

Då han kom til staden som førstemann av redningsfolka, var kvinna ved medvit igjen. Brannvesenet fekk kvinna over på ei båre, og fekk frakta ho ned til Berekvam.

Henta i luftambulanse

Der kunne luftambulansen trygt lande og ta med seg kvinna vidare til sjukehus i Førde.

– Det er to år sidan vi hadde ei øving her med denne helikopterplassen, nettopp med tanke på denne typen hendingar på Rallarvegen.

– Det er ikkje så mange andre plassar i dalen ein kan lande med helikopter, så det var godt vi kunne nytte oss av den plassen vi hadde øvd oss på å bruke, seier varabrannsjefen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rallarvegen

ILLUSTRASJON: SYKLIST SKADD: Rallarvegen er ein populær, men krevjande og bratt turveg som kvart år blir besøkt av rundt 20.000 syklistar.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Dei redda livet hennar

Midt oppi det heile tok den erfarne brannsjefen også på seg den andre rolla si. Som hamnesjef i Aurland kjente han ekstra omsut for dei fem cruiseturistane som hadde fått seg ein skikkeleg støkk.

– Ein ønskjer jo sjølvsagt ikkje at slikt skal skje med gjestane våre, så eg passa godt på dei som var att. Vi fekk køyrt dei ned att til skipet og var med dei om bord, seier Johnsen.

Dei seks i turfølgjet var vener, og den eine av dei andre kvinnene vart med den skadde kvinna til sjukehuset i Førde.

Johnsen har sjølv fortalt turistane at dei gjorde ein viktig innsats då uhellet først var ute.

– Det er klart det dei gjorde vart avgjerande. I og med at ho ikkje pusta etter at ho velta, og dei raskt sette i gong med livreddande hjelp, så har dei nok redda livet hennar, seier han.