NRK Meny
Normal

– Veldig emosjonelt å spele her heime

FØRDE (NRK): Iselin Solheim frå Naustdal spelte onsdag kveld framfor eit av dei største publikumma i karrieren si, og det heime i Sunnfjord!

iselin

SOLID OPPMØTE: Det er uklart kor mange frammøtte det var på VG-lista-konserten onsdag kveld, målet var 10 000

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det er klart det var veldig spesielt å spele her på Førde stadion. Her har liksom sprunge intervall i gymmen då eg gjekk på vidaregåande, og no står eg her og spelar. Det var faktisk veldig emosjonelt, seier Solheim.

VG-lista hadde sitt store show i Førde i kveld, og mange av dei høgast rangerte artistane for augneblinken framførte eit par av sine songar.

VG-lista-konserten i Førde 2016

På andreplass på VG-lista

Solheim ligg for tida på andreplass på lista med låten "Faded" saman med Alan Walker.

Framfor eit heimepublikum på 11.000 spelte ho både den låten, og den nye låten "Sing Me to Sleep". Begge to vart framført utan makkaren hennar Alan Walker, men i ein nedstrippa, akustisk versjon.

Sjå Iselin si framføring her:

Iselin Solheim på VG-lista i Førde

– Det var veldig annleis å spele songane på den måten. Eg har gjort det tidlegare, men ikkje på denne måten framfor eit så stort publikum.

Unngår kjentfolk

Såg du nokre kjentfolk ifrå scene?

– Nei, men så prøvde eg faktisk å ikkje gjere det. Eg blir alltid så nervøs om eg ser kjentfolk, så eg prøver berre å unngå det.

iselin3

UTSLITEN: Iselin Solheim var utsliten, men glad, etter konserten i Førde

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Solheim spelar eigentleg ein ganske annan stil enn den ho har vorte kjend for gjennom dei to songane med Walker. Mange heime i Sunnfjord kjenner ho kanskje meir som singer-songwriter enn som popdronning, og kanskje var stilen på kveldens konsert meir i tråd med slik folk har kjent ho tidlegare.

– Det var utruleg kjekt å få syne fram desse songane for folk her heime, eg håpar eg kjem til å få fleire konsertopplevingar her heime

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.