Hopp til innhold

– Vegar er så glatte at folk ikkje vågar å køyre

Fleire bilistar melder om såpeglatte vegar langs kysten av Sogn og Fjordane. – Eg har køyrd her i mange år, men dette er det verste eg har opplevd.

Såpeglatt veg mellom Osen Bru og Hjelmeland

GLATT: Denne bilen kom ikkje lenger på veg opp bakkane mellom Osen bru og Hjelmeland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det seier Dag Kjetil Storøy, som i dag brukte over ein og ein halv time frå Viksdalen til jobb i Dale.

Vanlegvis brukar han i underkant av ein time på dei kring fem mila.

– I dag kunne eg gått på skøyter heimanfrå og ned til Osen. Det var blank og fin is heile vegen. Det gjekk i krabbefart store delar av vegen, men betra seg etter at eg kom ned til fjorden, seier han.

Mange gav opp

Vegtrafikksentralen og politiet åtvarar i morgontimane mot svært glatt veg i ytre delar av Sogn og Fjordane.

Til no har det ikkje skjedd alvorlege ulukker på glatta, men fylkesveg 615 mellom Svelgen og Ålfoten i Bremanger har to gonger vore stengd ved Svelgsvatnet grunna bilberging.

Av same årsak er det også stengt mellom Hjelmeland og Osen bru i Gaular.

– Vegen var særskilt ille mellom Sande og Osen. Der stod det etter kvart mange bilar med naudblinken på langs vegen. Dei såg ikkje ut til å ha køyrt utfor, men rett og slett berre gitt opp å komme seg vidare, seier Storøy.

Vågar ikkje køyre

Også på andre sida av lakseelva Gaula, på fylkesveg 422, fekk fleire bilistar problem. Der har vegen vore heilt stengd sidan halv åtte.

Hektisk start på dagen for Førde bilberging

HEKTISK: Det vart ein hektisk start på dagen for Førde bilberging sitt mannskap. Til og med strøtraktoren fekk problem og sklei av fylkesveg 422.

Foto: Privat

Ein bil har snurra rundt og det står fleire bilar her som ikkje vågar å køyre vidare, fortalde ein innringar til NRK.

Arild Tistel ved Førde bilberging seier at dei fekk ein hektisk start på dagen.

– Ein del bilførarar har fått problem, spesielt i Gaular. Vi har sett oss nøydde til å prioritere forholda som får følgje for trafikken, seier han.

I Førde sentrum var Jan Ove Kalstad i full sving med å strø like før klokka 08.

– Eg har sett dei som berre har sklidd bortover vegen, seier han og legg til.

– Det er generelt glatt der ein ikkje har fått vekk snøen tidlegare. Der har det kome regn og vatnet har lagt seg over sanden som er strødd tidlegare, seier han.

Mange telefonar

Trafikkoperatør Marianne Hove hos Vegtrafikksentralen i Bergen stadfestar at dei i morgontimane har fått mange telefonar frå bilistar i ytre delar av fylket.

Spesielt i Svelgen-området, Askvoll og Florø.

Ein del melder om at det er så glatt at dei ikkje kjem seg nokon veg, eller rett og slett ikkje vågar å køyre. Det har kome nedbør ned i hardpakka snø, så har det frose på att, seier Hove.

– Entreprenørane er varsla

På fylkesveg 614 mellom Hyen og Storebru har innringarar meldt om at det har frose på. Her har entreprenør kalla ut forsterking frå kommunen. Enkelte stader er løysinga salt, andre stader sand, eller ein kombinasjon.

– Alle entreprenørar er varsla, og dei er ute på vegane og prøver å få det farbart att, seier Hove og ber bilistane køyre etter forholda.

– Eg håpar det er strødd og betre forhold når eg skal heim att, seier Storøy.