– Vedum stakkarsleggjer Distrikts-Noreg

Atle Hamar (V) skuldar Trygve Slagsvold Vedum (Sp) for å stakkarsleggjere distrikta.

ATLE HAMAR

OPPGJER MED SLAGSVOLD VEDUM: Atle Hamar (V), statssekretær i Klima- og miljødepartementet, meiner Trygve Slagsvold Vedum uttalar seg på ein måte som gjev folk inntrykk av at norske bygder er «tilbakeståande og sutrande» samanlikna med sentrale strøk.

Foto: Vegard Fimland / Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Det er VG som rapporterer dette onsdag kveld.

– Vedum teiknar eit bilete av Bygde-Noreg som er ei stakkarsleggjering av bygda. Han lagar konsekvent ein konfliktdimensjon mellom by og land i snart alle spørsmål, seier Hamar til avisa.

Statssekretæren i Klima- og miljødepartementet er irritert på korleis Slagsvold Vedum omtalar forholdet mellom dei som bur på bygda og dei som bestemmer i Oslo.

Senterpartileiaren har sagt til VG at folk på bygdene opplever ei avmakt overfor eliten i Oslo på grunn av mellom anna ulvedebatten og at Distrikts-Noreg vert tømt for statlege arbeidsplassar og offentlege tenester, slik han ser det.

Hamar tek avisa med på tur blant anna til bedrifta Tibber, for å vise fram gründeraktivitet i fylket.

Trygve Slagsvold Vedum avviser kritikken.

– Eg har ei enorm tru på norske bygder, men det eg snakkar om er dei grepa regjeringa gjer, og at dei slår feil ut. Det handlar ikkje om å snakke Sogn og Fjordane ned, men å snakke om realitetane i politikken, seier Vedum til VG.

Atle Hamar får blant anna støtte av partikollega Sveinung Rotevatn på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Distriktspopulist

Slagsvold Vedum blei kalla distriktspopulist av Bergens Tidendes politiske redaktør tidlegare denne veka.

– Eg meiner han heilt medvite spelar på ein populistisk retorikk nokre gonger. Til dømes når han snakkar om motsetnaden mellom «folk» og «elitar», sa Frøy Gudbrandsen då.

Då NRK spurde Sp-leiaren om partiet overdriv motsetnaden mellom bygd og by, kom dette svaret:

– Der er ikkje me som har skapa det. Då regjeringa valde å leggje ned politimeisterstillinga i Sogn og Fjordane, så stilte me spørsmål ved det. Det er realpolitikken som har skapa motsetnadene. Vi er opptekne av politikk som utviklar heile Noreg, og at det skal vere minst mogleg skilnad mellom folk.