Hopp til innhold

– Varslar nye innsparingar i 2018

Innstrammingar gjer at Helse Førde håpar på balanse i budsjettet i år. Men det får konsekvensar for neste år. Styreleiar Agnes Landstad varslar nye innsparingar på opp mot 43 millionar kroner i 2018.

Agnes Landstad

SMILER, MEN ...: Helse Førde kan gå mot nye innstrammingar på 43 millionar kroner i 2018 for å kunne finansiere milliardutbygginga ved Sentralsjukehuset i Førde.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

I byrjinga av juni vart det varsla at Helse Førde styrer mot eit underskot på 26 millionar kroner i 2017, mens føretaket budsjetterte med eit overskot på 15 millionar kroner.

Altså styrte helseføretaket mot ein differanse på 41 millionar kroner.

Grunnen var at innsparingstiltaka som Helse Førde la til grunn i 2017-budsjettet, ikkje har innfridd i den grad styret håpa på.

I styremøte fredag kunne fungerande økonomidirektør Joar Halbrend fortelje at budsjettprognosen har betra seg monaleg. Prognosen for 2017 er no eit underskot på 15 millionar kroner.

– Men internt er målet at vi skal klare å kome i balanse, fortalde Halbrend.

Strukturdebatt

Men dei gode nyhenda har ei bakside: At Helse Førde ikkje klarar det budsjetterte overskotet på 15 millionar kroner i år, betyr at desse pengane må hentast inn neste år.

Ifølge Landstad er overskotet eit krav helseføretaket må fylle for å kunne finansiere milliardutbygginga av sentralsjukehuset i Førde.

Og kravet til overskot er endå større i 2018. Då bør Helse Førde ha eit overskot på 28 millionar kroner for at bankane skal låne pengar til det nye Førde sjukehus.

Styreleiar Agnes Landstad er klar på kva det betyr.

– Konsekvensane er at vi må ta ein større kostnadsreduksjon i 2018. Innsparingskravet blir då på 28 + 15 millionar kroner, sa styreleiar Landstad til NRK etter styremøte fredag.

Men styreleiaren vil ikkje seie kva desse innsparingane kan gå ut over.

– Det veit vi ikkje enno. Vi startar arbeidet med 2018-budsjettet no. Og vi må snu alle steinar der, seier Landstad

– Betyr dette at vi får ein strukturdebatt?

– Det skal ikkje eg skal forskottere. Vi skal starte arbeidet og ta dei diskusjonane som måtte kome utetter hausten.

Anne Kristin Kleiven og Agnes Landstad

GÅR MOT STRID: Fungerande administrerande direktør Anne Kristin Kleiven og styreleiar Agnes Landstad.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Frå Tronvik til Førde

At Helse Førde har klart å redusere den varsla budsjettsprekken i inneverande år er fordi føretaket har greidd ut ein del tiltak for å imøtegå budsjettet.

I Lærdal er det snakk om å samordne to sengepostar og auke aktiviteten på ortopedi og overføre pasientar til andre.

I Førde er det snakk om å samordne sengepostane ortopedi og kirurgi og drive betre styring av bemanninga mot dit det er behov.

Helse Førde har ein distriktspsykiatrisk post både på Tronvik og i Førde. Posten på Tronvik kan bli flytta til Førde.

– Spørsmålet er kva som er det mest fornuftige fagleg og økonomisk, å halde fram med drift på to plassar, eller samle det i Førde når vi no skal bygge ut i Førde, seier Landstad.