Hopp til innhold

– Utsett turen over fjellet til laurdag

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for fredag, og fjellovergangane mellom aust og vest kan bli stengd fredag kveld grunna sterk vind og dårleg sikt.

E16 Honing Bru, retning mot Fagernes v2

SLAPS: På E16 Honing Bru (743 moh) er det slaps i vegbana. Snøgrensa for fredag kveld vil variera, men snøen vil komme frå 800 meter over havet og oppover.

Foto: Skjermdump / Statens Vegvesen

– Mitt råd er at dei som har tenkt seg over fjellovergangane fredag kveld bør vurdera å utsette det til laurdag morgon. Om det vert stengd eller ikkje kan ikkje eg svara på, men det vil bli vanskelege køyreforhold og mogeleg kolonnekøyring, seier statsmeteorolog, Geir Ottar Fagerlid.

Fredag ettermiddag og kveld er det meldt opp mot storm styrke i kasta og kraftig nedbør på Vestlandet. Denne helga er den siste før jul, og det er vanlegvis stor trafikk mellom aust og vest.

– Det vil bli problematisk på dei fjellovergangane som ligg høgast og pleier å få problem, seier Fagerlid.

Den siste tida har det vore kaldt og snødekke i store delar av fylket, men onsdag slo det om til mildvêr. Det har skapt utfordringar på vegane og fleire køyretøy har enda opp i grøfta.

Følg trafikken på nrk.no/trafikk.