Hopp til innhold

– Utruleg stort at «Gussi» lukkast

VIK (NRK): Kompisane og gamletrenaren i Vik er storleg stolte over Gustav Valsvik, som er teken ut i sin fyrste A-landslagstropp.

Gustav Valsvik, Terje Målsnes, Tarjei Vevle

GAMLE LAGKAMERATAR: 13 år gamle Gustav Valsvik (til venstre) på gutelaget med dei tre år eldre kompisane Terje Målsnes (midten) og Tarjei Vevle, midt på 2000-talet.

Foto: Privat

– Du blir utruleg stolt over å ha ein kompis, som du har vakse opp med og spelt fotball med, og som no får ein draum oppfylt, seier Terje Målsnes.

27-åringen var komen heim frå arbeid tysdag ettermiddag då han og besten Ingvald Målsnes såg fotballandslagstrenar Lars Lagerbäck kunngjera den fyrste A-lagstroppen sin.

Terje Målsnes

HÅPAR PÅ LANDSLAGSDEBUT: – Me kompisane er jo ikkje heilt upartiske, men me tykkjer det er på høg tid at han får sjansen på landslaget, seier Terje Målsnes.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

– Eg sa til besten: No må me følgja godt med om han Gustav er med, og besten var samd i at han burde få sjansen.

Målsnes senior og junior tykte det tok lang tid, for det var så mykje Lagerbäck skulle seia.

– Så då namnet endeleg blei lese opp, spratt eg opp av stolen, og besten byrja å le og kosa seg: Han tykte dette var utruleg kjekt, slik me alle gjer.

– Stolte

Ein annan i heimbygda til Valsvik, som hadde forventningar før landslagsuttaket, var syskenbarnet Stig Roar Hovland.

– Eg hadde høyrt at landslagsleiinga hadde vore i Tyskland for å sjå på han, men sat på jobb og gløymde heile pressekonferansen. Plutseleg fekk eg fleire snappar om at «Gussi» var utteken. Det var berre utruleg stort, seier Hovland.

Stig Roar Hovland

BETYR MYKJE FOR FOTBALLEN I VIK: – Dei som har vore A-lagsspelarar på Vik, er det resten av livet. Og «Gussi» er ein av gjengen framleis. Difor er me utruleg stolte av han, seier gamletrenaren Stig Roar Hovland

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Den garva målmannen med 316 kampar for Vik var trenar då Valsvik – 13 år gamal – blei med på A-laget.

– Han var ein type som ville noko. Han gav alltid alt. Men éin kamp fekk han ikkje starta: Han hadde vore på landslags- eller regionsamling heile helga, og me skulle ha kamp på søndagen. Avtalen var at han byrja på benken. Men det gav 14-åringen klar beskjed om at han var skuffa over. Slik er han, og det er kanskje grunnen til at dei beste blir best, seier Hovland.

Når Valsvik er heime i Vik, er han framleis med på A-lagstreningane.

– Det er kjempedeilig å koma heim til familie, vener og til Blixhalli som eg har brukt så mange timar i, sa han til NRK i jula.

Robert Hovland, Gustav Valsvik, Marius Valsvik

ER BERRE GUSTAV FRAMLEIS: – Det er viktig å ha vener som ser meg for den eg er, slik at eg kan koma heim og vera meg sjølv, sa Gustav Valsvik då han var på juleferie i Vik i fjor, her på grendecupen ilag med syskenbarnet Robert Hovland (t.v.) og broren Marius Valsvik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– For oss er «Gussi» den guten han alltid har vore. Det er alltid kjekt når han kjem heim. Og du kan trygt seia at han set standarden på treningane med ein vinnarvilje som går langt utanpå dei fleste, smiler Hovland.

Tysklandsproff

Skjermdump FB

VIKTIG FOR UNGANE: Tidlegare Vik-trenar Jarle Christensen er ein av mange som la ut meldingar på Facebook etter at Valsvik var teken ut i landslagstroppen.

Hovland har følgt karrieren til syskenbarnet, frå Sogndal via Strømsgodset til tyske Eintracht Braunschweig.

Vikjen har starta 17 av 24 kampar denne sesongen, og Eintracht Braunschweig er berre fire poeng frå opprykksplass til ein av verdas beste fotballigaar.

– Det er det som er så imponerande, at han heile vegen tek steget. Eg håpar han får landslagsdebuten. Det norske landslaget har godt av å få inn ein midtstoppar som kan vinna duellane, seier Hovland.