Dette kan bli eit av dei siste nye store kraftverka i Noreg

JØLSTER (NRK): Her blir det gjort klart for å ta i mot fossande vatn som skal bli rein energi. Men kraftverket kan bli blant dei siste i sitt slag her til lands, fryktar bransjen.

Turbinhall Jølstra kraft

FJELLHALL: Her inne skal to turbinar lage straum til om lag 10 000 bustadhus.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi jobba lenge for å få tatt ei investeringsavgjerd. Det var berre så vidt vi kom i gang, seier dagleg leiar i Jølster Kraft, Kjell Johnny Kvamme.

Djupt inne i fjella i Sunnfjord skjer ei av dei største kraftutbyggingane i Noreg nett no.

7 kilometer med tunnelar, to turbinar i kraftstasjonen i fjellet, 55.000 liter vatn i sekundet, og ein produksjon som vil vere 250 GWh, nok til 10.000 bustadhus.

Med ein kraftpris på 30 øre vil det bety 75 millionar i driftsinntekter i året. Likevel tvila eigarane lenge før dei sette i gang bygginga.

Kjell Johnny Kvamme

TRUR PÅ VASSKRAFT: Dagleg leiar i Jølster Kraft, Kjell Johnny Kvamme.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er rart at samfunnet spør etter meir fornybar energi, og på same tid opplever vi ein skatt som er hemmande for investering, seier Kvamme.

Meiner høge skattar stoppar bygging av fornybar kraft

I fleire år har kraftselskapa kravd å få endra grunnrenteskatten.

Grunnrenteskatt er ein ekstra skatt som vert lagt på næringar som tener på fellesskapet sine ressursar. Dette kjem i tillegg til anna skattlegging.

Problemet for bransjen er ofte at dei høge kapitalkostnadane i starten kjem på toppen av skatten.

– Vi er ikkje imot skatt, men vi spør om å få betale den seinare i kraftverket si levetid, slik at vi slepp dei tunge åra i starten, seier Kvamme.

Jølstra

JØLSTRA: Elva Jølstra i Sunnfjord vil få mindre vassføring i framtida.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Skuffa over rapport

Nyleg kom kraftskatteutvalet med sin rapport. Dei føreslo å ta ned skattane for å få til meir utbygging, men det var den lokale skattlegginga til kraftkommunar og fylke dei ville fjerne. Tanken er at staten skal krevje inn, og heller gjere eigne vedtak om å føre tilbake pengar.

Framlegget har skapt kraftige protestar frå lokalsamfunna som vil ha sikre inntekter. Også kraftbransjen protesterer. Rapporten er no på høyring.

– Når vi skal jobbe fram slike prosjekt, treng vi lokal støtte, seier Kvamme.

Bygging av kraftverk.

DIMENSJONAR: Støypinga vil halde fram i eitt år.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Bygger ut meir vind enn vasskraft

Nær tre fjerdedelar av krafta som blir bygd ut her til lands er no vindkraft, ifylgje NVE.

– Det som kan skje i dag er at kraftselskap flyttar investeringane over på til dømes vindkraft. Ikkje fordi det er mest lønsamt for samfunnet, men på grunn av skattane, seier Kvamme.

Olje- og energiminister Kjell Børge Freiberg (Frp) er ikkje samd i at vasskrafta er på hell.

– Sidan denne regjeringa starta i 2013, er det gitt konsesjon til 7,1 TWh ny vasskraft. Det meste er småkraftverk, men det er fordi dei store vasskraftverka alt er bygd ut.

KrF nektar å fjerne lokale skattar

Tal frå NVE syner at 14 større vasskraftverk som har fått konsesjon enno ikkje er under oppføring. Totalt meiner NVE at vi har att om lag seks terawattimar til av vasskraft som kan byggast.

Tore Storehaug

SEIER NEI: Tore Storehaug (KrF).

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

KrF sin representant i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Tore Storehaug, trur ikkje svaret er å kutte i den lokale skattlegginga.

– Det kjem vi nok ikkje til å gå inn for, eg trur det er få politikarar som vil ta i det forslaget. Men vi må sørge for at fleire samfunnsøkonomiske prosjekt blir realisert, og treng eit skattesystem som legg til rette for det.