Hopp til innhold

30.500 køyretøy utan forsikring: - Du kan bli gjeldsslave resten av livet

Statens vegvesen vil no intensivere kontrollane framover for å luke ut dei som framleis køyrer utan pålagt forsikring.

Geir Leon Hetle

KLART RÅD: Geir Leon Hetle i Statens vegvesen si klare oppmoding er at alle må sjekke om forsikringa er i orden. Utan den kan ein bli gjeldsslave.

Foto: Anna Gytri / NRK

Oppdaterte tal syner at ganske nøyaktig 30.500 køyretøy står utan forsikring.

– Dersom ein skulle køyre på eit menneske og skade ein ung person for livet, så kan ein rett og slett bli gjeldsslave for livet, seier Geir Leon Hetle i Statens vegvesen til NRK.

Seinast tysdag kneip han og dei andre kontrollørane ein bilist som rett og slett ikkje hadde trafikkforsikringa i orden.

– Vedkomande klarte heller ikkje å ordne opp på staden, så då tok vi skilta. Det ville vere uforsvarleg å sleppe bilen ut igjen på vegen utan forsikring, seier Hetle.

Meir avansert utstyr

For utan eit minimum av forsikring, så er det bilisten sjølv som står økonomisk ansvarleg om uhellet eller ulukka er ute. Eit øydelagt liv kostar millionar.

At det å køyre utan forsikring kan koste deg dyrt, blir stadfesta av kommunikasjonssjef Heidi Tofterå Slettemoen i Frende forsikring.

– Skulle ulukka vere ute, må du ta heile kostnaden sjølv, konkluderer ho.

Dei siste åra har Statens vegvesen tatt i bruk meir og meir avansert utstyr for å luke ut dei farlege sjåførane, såkalla ANPR.

Med to kamera som fangar opp nummerskilt og hentar informasjon om bilen på sekund, blir det enklare for Statens vegvesen å finne syndarane.

Heidi Tofterå Slettemoen i Frende forsikring.

ÅTVARAR: Heidi Tofterå Slettemoen i Frende forsikring.

Foto: Frende forsikring

Mange køyrer utan forsikring

Framover lovar Geir Leon Hetle i Statens vegvesen at dei vil intensivere kontrollane.

– Vi køyrer igjennom eit par hundre bilar i løpet av ikkje så lang tid. Vi tar berre ut dei bilane som har ein mangel. Det er til publikum sitt beste.

Trafikkforsikringsforeningen oppdaterer kontinuerleg kor mange som ikkje er forsikra. 30.500 køyretøy er uforsikra per i dag.

Hetle trur at desse tala dessverre er stabile, sjølv om han håpar på ein rask nedgang. Særleg fordi bileigarar no får eit gebyr på 150 kroner dagen om ein ikkje har alt på det tørre.

– Vi ser ofte leasing-bilar som har begjæring utan at den som leasar køyretøyet har motteke melding om det, seier Hetle.

– La bilen stå i ro

Han kan forstå at enkelte kan synest det er vanskeleg å halde styr på alle betalingar, men at forsikringa er så viktig at det må prioriterast.

Utan den på plass, må ein la bilen stå heilt i ro, påpeikar han. Det er også oppmodinga frå Heidi Tofterå Slettemoen i Frende.

– Dersom du ikkje betalar vil selskapet sende ei betalingspåminning. Om denne ikkje blir betalt, får du tilsendt ein avslutningsfaktura og forsikringsforholdet opphøyrer.