Hopp til innhold

– Urovekkande start på året

FLORØ (NRK): 2019 har fått ein urovekkande start for Sogn og Fjordane. Per 1. februar har politiet fått 12 valdssaker og åtte sedskapssaker der born og unge er involverte.

Arne Johannessen og Ida Melbo Øystese

UROA: Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen og visepolitimeister i Vest politidistrikt, Ida Melbo Øystese.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dette er like mange saker som politiet hadde dei tre første månadane i fjor.

– Det er betydeleg og gir grunn til å spørje seg om kvifor det er slik. Dette er noko som vi openbert er nøydde til å sjå på, seier Arne Johannessen, som er leiar for politiet i Sogn og Fjordane.

Samla i Vest politidistrikt har det vore ein auke i kriminalitet blant barn og unge i alderen 10 – 17 år på 30 prosent. I Sogn og Fjordane åleine er auken på 44 prosent.

– Vi finn alle typar saker. Her ligg mange saker om det som vi kallar seksuelt krenkande åtferd. Det er både fysisk og via nettet, seier Johannesen.

Frå gata til data

Krimtala for 2018 syner at kriminelle handlingar av ungdom mot ungdom blir fleire, særleg knytt til digitale flatar.

– Då snakkar vi om uønskt seksuell åtferd. Vi snakkar om trugsmål. Vi snakkar om vald, der ein filmar vald som seinare vert spreidd, seier Ida Melbo Øystese, visepolitimeister i Vest politidistrikt.

Ho seier og at ungdommar utfordrar kvarandre, noko som i sin tur fører til at det vert utført meir alvorleg kriminalitet enn ein har sett tidlegare.

Politipatrulje på nett

Eitt av tiltaka som politiet no set inn er ein politipatrulje på nett som skal hindre ungdom i å gjere kriminelle handlingar på nett.

– Vi kjem til å satse meir på å møte ungdom der dei er, nemleg på internett, seier Øystese.

Ida Melbo Øystese, visepolitimeistar i Vest politidistrikt

NETTVETT: Politiet vil no satse sterkare på å kjempe mot ungdomskriminalitet på nett

Foto: Oddleif Løset / NRK

Målet er at det skal vere lett for ungdom å møte politiet og seie ifrå om dei ser noko ulovleg.

– Det er viktig for oss at born og unge forstår at også kriminelle handlingar på nett kan verte oppdaga av politiet. Dette er ting som vi kjem til å prioritere høgt i 2019, seier Øystese.

Førebygging

Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannesen seier at det handlar mykje om førebygging.

– Vi må få born og unge til å skjøna at ein ikkje skal dele bilete med krenkande innhald. Vi må og få dei til å skjøne at dette faktisk er straffbart.

Johannesen er også oppteken av foreldra må kome meir på bana.

– Foreldra er dei viktigaste førebyggarane i liva til ungdommane, men foreldra må då sette seg inn kva som skjer ute i den digitale verda. Skulen er viktig. Det er også politiet, seier Johannessen.