Hopp til innhold

– Urovekkande mange turbussjåførar bryt køyre- og kviletida

Statens vegvesen er uro a over at svært mange utanlandske turbussjåførar prøver å stikke av frå kontrollar på Håbakken i Lærdal.

Tormod Gausdal på Håbakken kontrollstasjon

MANGE STIKK AV: Tormod Gausdal er seksjonsleiar i Statens vegvesen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Svært ofte når turbussane ikkje vil stogge, så har sjåføren ein «god grunn», seier seksjonsleiar Tormod Gausdal i Statens vegvesen.

Berre den siste veka har dei tilsette ved Statens vegvesen sin kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal måtte hente inn igjen sju tunge køyretøy som berre køyrde rett forbi den pliktige kontrollen, trass i at den var tydleg skilta.

– Seinast torsdag vart vi kontakta av politiet om eit vogntog som hadde føreteke fleire stygge forbikøyringar i Lærdalstunnelen. Då han heller ikkje stogga for den skilta kontrollen på Håbakken, køyrde vi etter han.

Å ikkje stogge på Håbakken kosta vogntogsjåføren den nette sum av 8000 kroner.

Urovekkande mange turbussar

Det som likevel uroar Gausdal mest er at det er svært mange utanlandske turbussar blant dei som stikk av frå kontrollane til Statens vegvesen.

– Når vi stoggar dei så syner det seg i dei aller fleste tilfella at dei har brote køyre- og kviletida.

Gausdal fortel sjåførane gjerne er innanfor køyre- og kviletida dag for dag, men at dei køyrer for mange dagar i strekk og ikkje har lovleg vekekvile.

– Dei prøver å skyte seg inn under reglane for internasjonal transport og at dei då kan køyre i 12 dagar før dei tar ei forlenga kvile. Men det syner seg at det ikkje er internasjonal transport. Dei hentar grupper i Oslo og køyrer internt i Noreg.

Intensiverer kontrollane

Fleire av tilfella som blir avdekka av kontrollørane frå Statens vegvesen er til dels svært grove seier Gausdal.

– Ein av sjåførane som vi stogga denne veka må kvile i 65 timar før han kan sette seg bak rattet igjen.

Statens vegvesen varslar no at dei vil intensivere kontrollane av utanlandske turbussar.

– Vi har no folk i beredskap som kan køyre etter og stogge dei som ikkje stoggar på dei skilta kontrollstadane.